100% stilling som samfunnsplanleggjar ved Samfunnsutvikling og plan
Ullensvang kommune Samfunnsutvikling og plan
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 7. august
Samfunnsplanleggjar i Noregs friluftshovudstad
Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.
Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 10 910 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa?
Vi har 1 ledige stillingar som samfunnsplanleggjar
For å styrkje utviklinga av kommunen ynskjer me å tilsetja ein drivande og engasjert samfunnsplanleggjar i 100% fast stilling. Stillinga ligg til verksemd for Samfunnsutvikling og plan i Ullensvang kommune.
Verksemda har i dag 7 tilsette, og oppmøtestad er i Odda.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp til alle nivå av areal- og samfunnsplanlegging. Hovudmengda av arbeidet er knytt til utarbeiding av kommunale reguleringsplanar og handsaming av private planframlegg. I tillegg vil ein bidra inn i fagmiljøet og i ulike utviklingsprosjekt i kommunen.
Ynskte kvalifikasjonar:
• Minimum 3- årig høgare planleggjarutdanning, evt. ingeniør, arkitekt eller landskapsarkitekt med relevante fagkretsar
• Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
• Kjennskap/ erfaring innan GIS og kartsystemet GISLINE som kommunen nyttar
• Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
• Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk
• Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
Eigenskaper:
• Evne til å arbeida systematisk
• Gode gjennomføringsevner
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Fleksibilitet og positiv innstilling
• Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
• Fast 100% stilling
• Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
• Løn etter avtale
• Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
• Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9c130496-69a8-42ae-a920-97fa722e3db9
- Sist endret
8. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3645445_194013_nn