100% stilling som verkemdsleiar ved PPT og logopedkontoret
Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Ullensvang kommune
Vil du vere med å forme framtida sine tenester for barn og unge i Ullensvang?
Er du ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for eit likeverdig opplæringstilbod og gode oppvekstvilkår? Har du sterk fagleg kompetanse og lyst til å stå i front for vidareutvikling av tenesta vår? Då kan dette vere stillinga for deg.
PPT og logopedkontoret er inne i eit spennande og viktig utviklingsarbeid, og vi søkjer no ein ny verksemdsleiar som vil vidareføre og styrkje dette arbeidet saman med oss.
Om oss
PPT og logopedkontoret yter pedagogisk-psykologisk teneste til barnehagar, skular og vaksenopplæringa. Logopedtenester til både barn og vaksne i Ullensvang kommune. Kontoret arbeider med sakkunnige vurderingar, systemretta arbeid og rettleiing, med vekt på tidleg innsats og god kvalitet i tenestene. Som verksemdsleiar vil du ha ei sentral rolle som bindeledd mellom skular, barnehagar og andre samarbeidspartar.
Du vil rapportere til kommunalsjef for oppvekst og utdanning.
Arbeidsoppgåver
Fag-, personal- og økonomiansvar for verksemda
Stå i front for tenesta og drive utviklingsarbeidet vidare
Bidra positivt til organisasjonsutvikling i kommunen
Utøve god nærleiing og sikre eit fagmiljø prega av psykologisk tryggleik og utvikling
Vidareutvikle kvalitetssystem og rutinar, og sikre at sakshandsaming skjer i tråd med gjeldande lovverk
Fremje tverrfagleg samarbeid, mellom anna gjennom BTI (Betre Tverrfagleg Innsats)
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning på masternivå innan pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller tilsvarande
Leiarerfaring, gjerne frå PP-teneste eller anna spesialpedagogisk/pedagogisk verksemd
Solid fagleg kompetanse innan PPT sitt arbeidsområde
God kjennskap til relevant lovverk, mellom anna opplæringslova, barnehagelova og forvaltningslova
Kjennskap til BTI og tverrfagleg samarbeid
God skriftleg og munnleg framstillingsevne, gjerne på nynorsk
Det er i tillegg ønskjeleg med:
Formell leiarutdanning (kan takast i etterkant av tilsetting)
Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer ein trygg og synleg leiar som evnar å engasjere og skape oppslutning om felles mål.
Relasjonell og tillitsbasert: Du har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Strategisk og heilskapstenkande: Du er målretta, strukturert og evner å sjå det store biletet.
Modig og iverksetjande: Du er løysingsfokusert, innovativ og har stor gjennomføringskraft i endringsprosessar.
Tydeleg og fleksibel: Du kommuniserer retning med autoritet, samtidig som du er lyttande og open for nye perspektiv.
Personleg egnetheit vil bli sterkt vektlagt i prosessen.
Vi tilbyr
Ei sentral leiarrolle med moglegheit til å forme tenesta vidare
Godt fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
Høg grad av sjølvstende og innverknad i strategiske vegval
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25efcf7a-75e3-4024-bddb-064291f43d4b
- Sist endret
9. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3646063_189347_nn