100% stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Eidesbrotet 25, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. september
100 % fast stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet bufellesskap
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, lyser ut 100 % fast stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillinga inngår i ein kombinert turnus med i hovudsak langvakter og nokre kortvakter. Dette gjev deg noko mange set pris på: lengre friperiodar og meir fri i kvardagen. Du jobbar kvar fjerde helg, og resten av tida får du rom til både arbeidsglede og privatliv.
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar og bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med høg kvalitet og leggje til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.
Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakaren skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Hovudarbeidsoppgåver:
Målretta miljøarbeid
Legemiddelhandtering
Rettleiingsansvar
Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver
Yte tenester etter gjeldande vedtak
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Utarbeide og følgje opp interne rutinar i samarbeid med leiar
Dokumentasjon i gjeldande IT-verktøy
Vi ser etter deg som:
Er autorisert vernepleiar (søkjarar med anna relevant helsefagleg utdanning på høgskulenivå, til dømes sjukepleiar, vert òg oppmoda om å søkje).
Har erfaring frå målretta miljøarbeid, og erfaring med målgruppa vert tillagt stor vekt.
Har gode samarbeidsevner, er fleksibel og stiller deg positiv til endringar.
Handterer uføresette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte.
Likar å vere i fysisk aktivitet, kan gå turar og følgje brukarane på ulike aktivitetar.
Meistrar norsk skriftleg og munnleg.
Er løysingsorientert og fagleg i tilnærminga di til brukarane.
Personlege eigenskapar og at du er skikka for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
Rekrutteringsavtale for nytilsette vernepleiarar: Stillinga omfattast av rekrutteringstilskot for nytilsette vernepleiarar i kommunen på 50 000kr + 50 000kr med 2 års bindingstid.
Pendlarvenleg: Vi kan leggje til rette for overnatting mellom vakter for deg som kjem utanfrå.
Spennande faglege utfordringar og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
God opplæring og rettleiing.
Dyktige, inkluderande og løysingsorienterte kollegaer.
Løn etter hovudtariffavtalen.
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Det vert stilt krav om godkjend politiattest før tilsetjing.
Om du har spørsmål om stillinga eller turnusen, er det berre å ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat!
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5319ec22-350e-40a3-b835-5198deb4296f
- Sist endret
11. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3652669_250469_nn