Hopp til innhold

100% stilling som verksemdsleiar ved Prosjekt og utvikling

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Teknikk og miljø

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Delvis hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Verksemdleiar for Prosjekt og utvikling

Vil du vera med på å byggja framtidas Ullensvang? I Ullensvang byggjer me ikkje berre bygg, me byggjer lokalsamfunn for generasjonar.

Ullensvang kommune er i ei rivande utvikling. Med spektakulær natur som bakteppe og eit offensivt næringsliv, står me føre spennande investeringar innan infrastruktur, bygg og samfunnsutvikling. Me søkjer no ein strategisk og handlekraftig Verksemdleiar for Prosjekt og utvikling som vil få ei nøkkelrolle i utvikling av samfunnet.


Om rolla

Som leiar for prosjektavdelinga vil du ha det overordna ansvaret for å styra kommunen sine største og viktigaste investeringssprosjekt – frå dei fyrste skissene til ferdigstilling. Du vil jobba tett med både politisk leiing, næringsliv og innbyggjarar for å sikra berekraftig vekst og gode tenester i heile kommunen.


Sentrale arbeidsoppgåver

Basert på våre satsingsområde vil oppgåvene dine mellom anna innebera:

  • Strategisk prosjektstyring: Ansvar for planlegging og gjennomføring av kommunale bygg- og anleggsprosjekt, som skular, helsebygg, infrastruktur.

  • Økonomi- og resultatansvar: Sikra at prosjekt vert leverte innanfor rammer for tid, kostnad og kvalitet.

  • Samfunnsutvikling: Delta aktivt i planarbeid og utvikling av attraktive lokalsamfunn i heile kommunen

  • Leiing: Personaloppfølging og vidareutvikling av eit kompetent team med prosjektleiarar.

  • Samhandling: Byggja bru mellom tekniske krav, politiske vedtak og behova til innbyggjarane.


Andre oppgåver kan tildelast ved behov.


Kven er du?

Me ser etter deg som trivst i krysninga mellom det faglege og det strategiske. Du er truleg ein person som:

  • Har relevant høgare utdanning, bachelor eller master, samfunnsplanleggjar, ingeniør eller liknande.

  • Har solid erfaring frå prosjektleiing, gjerne frå offentleg eller privat sektor

  • Har god økonomiforståing

  • Er løysingsorientert og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.

  • Kommuniserer godt på nynorsk, både skriftleg og munnleg, og evnar å skapa tillit hos ulike interessentar.

  • Krav til bilsertifikat klasse B og må disponere eigen bil

  • Leiarstil: Du er tydeleg, involverande og god til å byggja relasjonar. Du må trivast med å navigera i skjæringspunktet mellom fag, politikk og administrasjon. Du er framoverlent, beslutningsdyktig og ein gjennomførar.


Ved tilsetjing vert personlege eigenskapar vektlagt.


Vi tilbyr
  • Ei av dei mest spennande leiarstillingane i regionen med stor påverknadskraft.

  • Eit arbeidsmiljø prega av høgt tempo, humor og stor takhøgd.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

  • Høve til å bu og jobba midt i hjarta av Hardanger – med fjell og fjord som næraste nabo.

  • Mulighet for rekrutteringsleilighet

  • Mulighet for heimekontor


Arbeidsstad er Odda.


Ønskjer ikkje kontakt med telefonselgarar i forhold til stillingsannonsa.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Randi Karin Habbestad

+47 95037035

randi.karin.habbestad@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c266d9b-4cea-4aa8-8755-153d0883c29c

Sist endret

9. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3646039_189349_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser