Hopp til innhold

100% stilling som fastlege ved Odda legesenter

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Legeteneste

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. september

Fastlege i rotasjonsturnus? Ledig fastlegeheimel i 100 % ved Odda legesenter


Vil du kombinere ein spennande legekvardag i vakre Hardanger med 3 veker samanhengande fri? Odda legesenter søkjer etter ein engasjert og dyktig fastlege til ein unik rotasjonsturnus (3 veker på / 3 veker av).

I kommunen har vi totalt 16 fastlegeheimlar og 4 LIS1-legar fordelt på 4 kontor. Odda legesenter har 10 heimlar. Det er godt samarbeid mellom fastlegane, fleire faglege fora, og eit godt miljø mellom gode og erfarne kollegaer.

Inntil 20 % av stillinga kan nyttast til kommunale oppgåver.

Ullensvang kommune er registrert som utdanningsverksemd og det vert lagt til rette for spesialisering med ALIS-avtale. Vi har sidan hausten 2017 delteke i ALIS VEST-prosjektet, og har difor god erfaring med oppfølging av ALIS-legar.

Som fastlege i kommunen må arbeid ved legevakt påreknast. Her er i dag 17-delt vakt, og fri med løn etter vakt. Konkurransedyktig løn. Ullensvang legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt. Legevakta er lokalisert i nye lokale på Odda sjukehus.


Om stillinga og arbeidstida

Stillinga er organisert med ein fleksibel og føreseieleg rotasjonsordning:

  • Arbeidsperiode (3 veker): Full klinisk drift som fastlege ved Odda legesenter.

  • Friperiode (3 veker): Samanhengande fri frå klinisk praksis, med unntak av 2 dagar ubunden tid per veke i friperiodane. Denne tida vert nytta til E-konsultasjonar administrative oppgåver, kurs/etterutdanning, epikrisearbeid og fagleg oppdatering.


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og godkjent turnus/LIS1 (eller tilsvarande).

  • Spesialist i allmennmedisin, eller under spesialisering (LIS3).

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (minimum B2-nivå).

  • Førarkort klasse B.


Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og effektivt i ein variert kvardag.

  • Fleksibel, løysingsorientert og trivsel med turnusarbeid.

  • Personleg eignaheit vil verte særleg vektlagd.


Vi tilbyr

  • God arbeidstidsordning.

  • Godt fagmiljø: Eit veletablert legesenter med erfarne kollegaer, dyktige helsesekretærar og eit tett samarbeid med Odda sjukehus.

  • Økonomiske vilkår: Konkurransedyktige vilkår (fastløn og insentiv).

  • Kompetanseutvikling: Tilrettelegging for gjennomføring av spesialistutdanning i allmennmedisin (ALIS-avtale).

  • Bistand til etablering: Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad ved behov.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Therese Kolltveit

+47 91566097

therese.kolltveit@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3cdc1ae7-ebd7-4eaa-a7fa-372ab321b3c9

Sist endret

24. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3655759_193157_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser