Ferievikar Sentralkjøkken
Volda kommune, Institusjonsteneste
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar ved sentralkjøkkenet
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ferievikarar retta mot arbeid som assistent/kokk ved sentralkjøkkenet ved Volda omsorgssenter.
Det vert gjort fortløpande tilsetting.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om politiattest for alle som jobbar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.Du må ha førarkort klasse B.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Personlege eigenskapar
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad. Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.Vi tilbyr
Som ferievikar i sektor helse- og omsorg får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Kontaktinformasjon
Hege Daugstad, Seksjonsleiar kjøkkendrift, 47716883, hege.daugstad@volda.kommune.noAnn-Sølvi Heltne, Avdelinsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5054570163
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a7fb271-61be-4500-8ae5-7e810e0d46b6
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
465434a92ba84d939e67ff97dd231e35
Lignende annonser
Ferievikar 2026 - Fagkokk/ Kjøkkenassistent
Arbeidsgiver
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Tilkallingsvikarar ved sentralkjøkkenet
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Sted
Volda
Ferievikar Institusjon
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Sted
Volda