Hopp til innhold

Ferievikar Felleskjøkkenet 

Arbeidsgiver

Omsorg og sjukeheim

Sted

Håkonsgata 78, 6150 Ørsta

Om jobben

Oppstart
15. juni 2026
Stillingstittel
Ferievikarar Felleskjøkken
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Vi tilbyr spanande sommarjobb! Frå 22.6.25 til 9.8.2026 har vi ledige stillingar, inntil 100 %, som ferievikar som kjøkkenassistent ved Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen. Vi treng også ferievikar til matbilen som køyrer ut mat til heimebuande. Tilsetting vert gjort fortløpande.

Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, når i perioden du kan arbeide og kva avdeling du ynskjer å jobbe ved; Vartdal helsetun, Hjørundfjordheimen, Ørstaheimen, eller som sjåfør til matbilen. 
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 


Arbeidsoppgåver

Som tilsett på Felleskjøkkenet er oppgåva å lage mat til institusjonen og heimebuande som får mat tilkøyrt gjennom matombringingstenesta. Ved felleskjøkkenet treng vi også ferievikar til matbilen som køyrer ut mat til heimebuande. 

    Kvalifikasjonar

    • Til fellesvaskeriet søkjer deg som likar arbeid der du får brukt kroppen din og som er serviceinnstilt og løysingsorientert.
    • Til felleskjøkkenet søkjer vi deg som er interessert i matlaging, trivast saman med eldre.
    • Beherskar norsk munnleg godt. 
    • Ynskje om at du har relevant praksis /erfaring
    • Førarkort kl. B til matombringingstenesta

    Personlege eigenskapar

    • Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
    • Du er engasjert og har godt humør
    • Du ynskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til brukerane våre

    Vi tilbyr

    Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar!  Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.

    Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.

    Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

    Informasjon til søkjaren:
    Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad. 
    Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte

    Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.

    Kontaktinformasjon

    Silje Solhaug, Avd.leiar Felleskjøkkenet, 486 59 833, silje.solhaug@orsta.kommune.no
    Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Håkonsgata 78
    6150 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5058113936
    Stillingsprosent: 0%
    Sommarjobb
    Startdato: 15.06.2026
    Sluttdato: 09.08.2026
    Søknadsfrist: 24.05.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Silje Solhaug

    Avd.leiar Felleskjøkkenet

    486 59 833

    silje.solhaug@orsta.kommune.no

    Wenche Flo

    Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim

    957 12 120

    wenche.flo@orsta.kommune.no

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5c216b46-436e-4505-afef-619ff8b285ae

    Sist endret

    23. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    13a8bbbd980e4252aaacc3641bdc8b17

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser