Hopp til innhold

Har du lyst til å vere ferievikar på  Institusjonane i sommar ? 

Arbeidsgiver

Volda kommune, Institusjonsteneste

Sted

Barstadmarka 2, 6102 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar Institusjon
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

I tidsrommet  23 juni - 17 aug kan vi tilby inntil 100 % stilling som ferievikar i avdeling Institusjon. Vi treng vikarar på desse  seksjonane, Selje-/Hasletunet , Pile-/Kleppetunet , Otta-/Karvestova og Korttidsseksjonen  på Volda Omsorgssenter og på Hornindal Omsorgssenter. 

For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på kr. 10.000,- per år.

For dei som får sommarjobb i Hornindal er stipendet kr 20.000,-.

For å få utbetalt stipend må du vere budd på å jobbe minimum 80% stilling i minst 6 veker i hovedferien.

Søknadsskjema:

https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad om kompetansemidlar til utdanning

Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.

Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 


Arbeidsoppgåver

  • Vi søkjer etter ferievikarar retta mot pleie ved sjukeheimsavdelingane ved Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter.
  • Det blir i tillegg søkt etter vikar på vaskeria ved omsorgssentera i delar av ferieperioden

Kvalifikasjonar

  • Vi treng både sjuke-/vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i institusjonstenesta.
  • Ønske om at du har relevant praksis / erfaring
  • Søkjerar må meistre norsk både munnleg og skrifteleg flytande.
  • Det vert stilt krav om politiattest for alle som tek til i  jobb i  kommunal helse- og omsorgsteneste. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 
  • Du må ha gyldig arbeid- og oppholdstillatelse.

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ha interesse av å arbeide med mennesker i ulike fasar i livet. 
  • Kunne ta ansvar.
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur.
  • Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig.
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap.
  • Vere løysingsorientert og ha gode haldningar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber også om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. 

I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin;

  • Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
  • Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*) 
  • Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
  • Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent

* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.

Tilsettingar vert gjort fortløpande. 

Kontaktinformasjon

Nora Skinnes, Seksjonsleiar Selje/Hasletunet, 45205089, nora.skinnes@volda.kommune.no
Sigrid Saanum, Seksjonsleiar Pile-/Kleppetunet, 99228370, sigrid.saanum@volda.kommune.no
Norunn Glomnes, Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , 90949073, norunn.glomnes@volda.kommune.no
Kwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta-/karvestova, 94139817, kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no
Liv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal omsorgssenter, 90768467, liv.langeland.muldsvor@volda.kommune.no
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5054564332
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ann-Sølvi Heltne

Avdelingsleiar Institusjon

91144863

ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Liv Langeland Muldsvor

Seksjonsleiar Hornindal omsorgssenter

90768467

liv.langeland.muldsvor@volda.kommune.no

Kwan Brudevoll Salvesson

Seksjonsleiar Otta-/karvestova

94139817

kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no

Norunn Glomnes

Seksjonsleiar Korttidsseksjonen

90949073

norunn.glomnes@volda.kommune.no

Sigrid Saanum

Seksjonsleiar Pile-/Kleppetunet

99228370

sigrid.saanum@volda.kommune.no

Nora Skinnes

Seksjonsleiar Selje/Hasletunet

45205089

nora.skinnes@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

33c7284e-04f8-435e-a9c4-582029dc419c

Sist endret

16. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

0856b9e6496d4e1d883751eb41108884

Lignende annonser