Overlege i patologi
AVDELING FOR PATOLOGI, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege i patologi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. juli
Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for høg kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss!
Ved Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som overlege i patologi. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å byggje opp eit sterkt fagmiljø innan patologi, og bidra til ei framifrå helseteneste for pasientane våre.
Avdelinga held til i Noregs vakraste by - Ålesund, og er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og bildediagnostikk. Avdelinga tek imot prøver frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. I 2025 svarte vi ut omlag 29 000 biopsiar, 17 000 cytologiprøver og gjennomførte 70 obduksjonar, i tillegg 25 rettslege obduksjonar.
Avdelinga har i dag ansatt 4 overlegar, 1 konstituert overlege og 4 LIS.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Generell histologi- og cytologi-diagnostikk (avdelinga har ikkje fagspesialisering)
- Supervisjon innan patologisk diagnostikk og obduksjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Norsk spesialistgodkjenning i patologi, eller vere i sluttfasen av spesialiseringa
- Relevant erfaring og kompetanse innan fagfeltet vert vektlagt
- Arbeidsspråket er norsk, men eit anna skandinavisk språk kan nyttast i ein overgangsperiode
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og trivast i eit dynamisk miljø
- Vilje til å bidra til både eiga og kollegaer si faglege utvikling
- God arbeidskapasitet
- Positiv og bidragsytande i arbeidsmiljøet
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, hilde.guttormsen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5152096159
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a1edcb4-1ec4-4f07-bbe1-a35d72301134
- Sist endret
6. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b6f2e9d7e954c2c9ec42cf8e994dd08