Hopp til innhold

Sommarvikar som reinhaldar

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikar som reinhaldar
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Om stillinga

  • Våre dyktige reinhaldarar skal avvikle velfortjent ferie i sommar og me treng vikarar for dei. Er du den me treng for å kunne gje eit forsvarleg reinhald sjølv om våre faste har ferie?

  • Arbeidsoppgåver

  • Dagleg reinhald på Osterøytunet, rådhuset, familie og omsorgssenteret, biblioteket, kyrkjekontor, samlokaliseringsbygget og barnehagane. Me treng også ein gjeng til nedvask av dei kommunale barehagane, dei vekene barnehagane har stengt. 

  • Kvalifikasjonskrav

  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring vert gjeve. 

  • Vi tilbyr

    • Godt samarbeid og godt humør
    • Opplæring etter kva bygg du skal jobbe på, både teori og praksis
    • Ein jobb der du er aktiv og får bruke kroppen
    Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

    Spørsmål om stillinga

  • Har du spørsmål kontakt 

    Driftsleiar Solgunn Søgnesand Presttun eller Fagleiar Ingrid Mortensen


  • Kontaktpersoner for stillingen

    Ingrid Mortensen

    Fagleiar reinhald

    +4745343197

    ingrid.mortensen@osteroy.kommune.no

    Solgunn Søgnesand Presttun

    Driftsleiar reihald

    +4791340724

    solgunn.presttun@osteroy.kommune.no

    Om bedriften

    Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

    Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

    I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

    Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    97a01824-3f23-4d16-b427-086beee95c92

    Sist endret

    9. april 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10290562

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser