Hopp til innhold

Sommarjobben som gjer ein forskjell

Arbeidsgiver

Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobben som gjer ein forskjell! Hospitaldrift Reinhald
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
60
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Hospitaldrift ved Helse Bergen HF består av åtte einingar med om lag 815 medarbeidarar og leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus.
Kvar sommar har vi behov for dyktige og engasjerte sommervikarar som kan bidra til å oppretthalde den daglege drifta ved sjukehuset.

Vi søker no sommarvikarar til Hospitaldrift Reinhald.

Hospitaldrift Reinhald er ein viktig del av Helse Bergen HF, og leverer reingjeringstenester på fleire av helseføretakets lokasjonar, både i Bergen og på nærliggande områda som Sotra og Askøy. Eininga har ansvar for å sikre eit rent og hygienisk arbeidsmiljø for både pasientar, pårørande og medarbeidarar. Dette inkluderer dagleg reingjering, hovudreingjering, smittevask og produksjon av reine senger. Hospitaldrift Renhold er organisert i åtte seksjonar og har eit kompetent team på om lag 350 tilsette som samarbeider for å oppretthalde høg standard på reinhaldet. Gjennom grundig opplæring og profesjonell utføring av arbeidsoppgåvene, spelar Hospitaldrift Reinhald ei sentral rolle i å støtte sjukehusets daglege drift og pasientomsorg.

Søkarar må ha fylt 18 år innan 2026 og kunne jobbe minimum 4 veker. Ferieperioden for sommarvikarar i Hospitaldrift Reinhald strekk seg frå veke 25 til veke 34.

Det er viktig at du oppgir når du kan jobbe. Søknader frå dei som kan jobbe flest veker i denne perioden vil bli prioriterte.

Kandidatatr vil fortløpande bli kalla inn til intervju. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil innebere regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
  • Arbeidstida vil vere i turnus (dag/kveld/helg)
  • Medarbeidar vil inngå i eit team som rullerer innan arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med erfaring frå renhaldsbransjen, men også andre søkarar vil bli vurderte
  • Arbeidsspråket er norsk, og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er eit krav
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved vurdering av søkarane
  • Førarkort er nødvendig for nokre av stillingane

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst i teamarbeid
  • Du tilpassar deg lett nye situasjonar, er løysingsorientert og fleksibel
  • Du er i stand til å følgje og arbeide etter oppdaterte prosedyrar til ein kvar tid
  • Du behandlar pasientar på ein profesjonell og empatisk måte, er imøtekomande og viser respekt
  • Du samarbeider godt med andre, og tek ansvar for at arbeidsoppgåvene vert utført på ein grundig og forsvarleg måte
  • Du har god fysisk helse og er i stand til å utføre praktisk og fysisk krevjande arbeid

Vi tilbyr

  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvene 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Tilgang til bedriftsidrettslag

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Katarzyna Ogrodnik, Konsulent, katarzyna.ogrodnik@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5062439618
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Katarzyna Ogrodnik

Konsulent

katarzyna.ogrodnik@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

114a822f-049c-48eb-bc09-0b949b58d75b

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bd51820c3af94a6ba8bf96d7592f30ef

Lignende annonser

Sommervikarer til Arna Helseheim

Arbeidsgiver

Arna helseheim, Bergen kommune

Sted

Indre Arna

Arbeidsgiver

Søreide sykehjem, Bergen kommune

Sted

Søreidgrend