Assistent/Reinhaldsoperatør
Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Assistent/Reinhaldsoperatør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 2. september
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar.
Hospitaldrift Reinhald er ei av desse einingane. Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Helse Bergen har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette.
Ved seksjon 1 har vi ledig 1x100% fast stilling og 2x100% vikariat frå snarast til 30.11.2026 med mogleg forlenging. Arbeidsstad vil vere i Haukelandsområdet*/.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil bestå av regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
- Arbeidstida i den faste stillinga per dags dato vil vere kl. 12.00–20.00, med arbeid kvar 4. helg
- Arbeidstida i vikariatstillingar per dags dato kan variere mellom dagvakt (kl. 07.00–15.00) og mellomvakt (kl. 12.00–20.00), med arbeid kvar 4. helg
Kvalifikasjonar
- Vi søker personar med praktisk erfaring fra reinhaldsfaget
- Må kunne bruke IKT-verktøy
- Må ha evne til å se samanhengen mellom forbruk og økonomi
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- Det er ikkje krav om fagbrev, men søkarar med fagbrev er av særleg interesse
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
- Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team
- Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
- Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- God fysisk helse til å kunne jobbe med eit fysisk arbeid
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø :-)
- Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Grete Romfo, Seksjonsleiar, 55 97 21 01Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5168509818
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 02.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Grete Romfo
Seksjonsleiar
55 97 21 01
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
008a3e43-a93f-4fa7-9869-8942bc20e451
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
62972a1eb3154af59eb89c82b1a21136