Hopp til innhold

Ringevikar som reinhaldar

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Kommunale bygg, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Ringevikar som reinhaldar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 1%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 9. desember

Om stillinga

  • Me treng ringevikarar til våre kommunale bygg, ved sjukefråvær og feriar, gjennom heile året. 

  • Arbeidsoppgåver

  • Dagleg reinhald ved våre skular, barnehagar, Osterøytunet, Familie og omsorgssenteret, biblioteket, Samlokaliseringsbygget, rådhuset, Lonevåg legesenter og Valestrand legesenter. 

  • Kvalifikasjonskrav

  • Ingen spesielle krav til kompetanse, men erfaring er ein fordel. Det vert gjeve opplæring. 

  • Kven er du?

    • Forstår og kan gjere deg forstått på norsk
    • Har gode samarbeidsevner, men samtidig kan vere sjølvstendig
    • Det er ein fordel med sertifikat og at du disponerer bil
    • Likar å vere i aktivitet
    • Du må helst kunne jobbe frå kl. 6.00 om morgonen, men tilpassing kan gjerast

    Offentleg tenestepensjon

     I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

    Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

    Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


    Kontaktpersoner for stillingen

    Ingrid Mortensen

    Fagleiar reinhald

    +4745343197

    ingrid.mortensen@osteroy.kommune.no

    Solgunn Søgnesand Presttun

    Driftsleiar reinhald

    +4791340724

    solgunn.presttun@osteroy.kommune.no

    Om bedriften

    Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

    Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

    I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

    Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    2f9d3904-7aa1-4c05-8e24-5566c1f50163

    Sist endret

    9. desember 2025

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10272857

    Lignende annonser

    Fast stilling som reinhaldar

    Arbeidsgiver

    Osterøy kommune

    Sted

    Lonevåg