Ynskjer du ein jobb der du kan gjere ein forskjell?
Skatteetaten, divisjon person
Rådhusvegen 8, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Økonom/rådgjevar - saksbehandling og rettleiing
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 14. mai
Vi søkjer ein økonom/rådgjevar til fast stilling ved kontoret vårt på Nordfjordeid. Hos oss får du vere med på å sikre korrekt skattegrunnlag og ei lik og rettferdig praktisering av regelverket. Dette er viktige oppgåver for eit velfungerande velferdssamfunn.
Enten du er nyutdanna eller erfaren, får du meiningsfulle arbeidsoppgåver, fagleg utvikling og ein arbeidskvardag der kompetansen din kjem samfunnet til gode.
Vi ser etter deg som likar saksbehandling, og som ynskjer å jobbe i eit kompetansemiljø. Du er god på rettleiing og trivast med å handtere fleire saker parallelt.
Hos oss vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med medarbeidarar i ulik alder og bakgrunn. Vi har eit breitt kompetanseområde og legg vekt på å dele kunnskap og støtte kvarandre. Arbeidsplassen vår ligg i Statens Hus, med nye flotte fasilitetar, og eit stort tverretatleg kollegium.
Om stillinga
Du vil jobbe med fastsetting og kontroll innan personskatt. Arbeidet krev høg grad av nøyaktigheit, god systemforståing og evne til å jobbe sjølvstendig over tid. Det kan og vere aktuelt med telefonrettleiing og publikumsmottak i perioder. I publikumsmottak vil oppgåvene omfatte ID-kontroll, tildeling av skattekort til utanlandske arbeidstakarar og innvandring.
Dine arbeidsoppgåver vil vere
- saksbehandling og kontroll av skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar
- rettleiing av publikum
- samarbeide med kollegaer lokalt og nasjonalt
Kompetanse vi treng i stillinga
Vi ser etter deg som har relevant utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan økonomi og administrasjon, samfunnsvitskap, kommunikasjon, pedagogikk eller liknande. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Internasjonale grader må vere godkjent av NOKUT/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
I tillegg må du ha
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- god digital kompetanse og interesse for å lære nye digitale verktøy
Det er ein fordel om du også har
- erfaring med saksbehandling, kontrollarbeid eller regelverksforvaltning, men nyutdanna er og velkomne til å søkje
- erfaring frå rettleiing
- språkkompetanse utover norsk og engelsk
Dette ser vi etter hos deg
For å trivast og lukkast i stillinga treng vi deg som
- kommuniserer godt med andre, formidlar bodskap på ein enkel og lettfatteleg måte, lyttar aktivt, gir konstruktive tilbakemeldingar og har ei løysingsorientert tilnærming
- tek initiativ når du ser moglegheiter for forbetring og utvikling, og handlar sjølvstendig for å få til endringar både åleine og saman med andre
- er villig til å lære, likar å lære og utvikle deg både fagleg og personleg, evnar å setje deg raskt inn i nye problemstillingar og tek ansvar utover eige ansvarsområde
- jobbar målretta, effektivt og resultatorientert, du får ting gjort og leverer gode resultat sjølv om det dukkar opp utfordringar
- trivst med å jobbe sjølvstendig samstundes som du er ein lagspelar som samarbeider godt med andre, deler kunnskap og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- skapar gode relasjonar med kollegaer og andre samarbeidspartnarar, er tillitsskapande og serviceinnstilt med eit tydeleg brukarfokus
Kvifor du bør velje oss
Vil du bidra i arbeidet med å sikre finansieringa av velferdssamfunnet? Alle landets innbyggjarar kjem i kontakt med Skatteetaten – og vi skal møte dei med profesjonalitet, gode løysingar og enkle prosessar. Vi håpar dette høyrest like interessant ut for deg som for oss!
Hos oss får du rammer som legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt moglegheit til å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med, og gir mellom anna ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg.
Vi veit at mange ønskjer ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag, med høve til å veksle mellom heimekontor og arbeid på kontoret. Dette legg vi sjølvsagt til rette for. Hos oss kan du inngå avtale om heimearbeid inntil to dagar i veka, når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere.
Du blir tilsett som rådgivar med ei årsløn mellom kr 600 000 og kr 750 000, avhengig av kvalifikasjonane dine. Dei første seks månadene blir rekna som prøvetid.
Nordfjordeid ligg i hjartet av Nordfjord – ein region der fjell møter fjord, og der opplevingane startar rett utanfor døra. Her er det kort veg frå toppturar og via ferrata, til surfebølgjer og sandstrender langs kysten, og til sterke kultur- og konsertopplevingar i Operahuset Nordfjord. Så enten du er glad i aktive dagar ute, kulturliv eller rolege stunder med familie/vener, byr Nordfjord på ein kvardag med stor variasjon og høg livskvalitet.
Viktig å vite før du søkjer
Vi bruker ikkje søknadsbrev: Når du søkjer på stillinga, treng du ikkje skrive søknadsbrev, men levere ein utfyllande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer deg kvalifisert til jobben. Ta med kva oppgåver og fagområde du har hatt ansvar for, og kva resultat du har oppnådd. Det er fint om du legg ved vitnemål, karakterutskrifter og relevante attestar.
Omvend referansesjekk: For at du skal kjenne deg trygg i valet om å jobbe hos oss, tilbyr vi omvend referansesjekk. Dersom du er aktuell for stillinga, vil du få tilbod om å ta kontakt med nokre av medarbeidarane våre slik at du kan stille dei spørsmåla du ønskjer, og finne ut om vi er ein god match.
Mangfald og likestilling: Vi er på jobb for alle, og ønskjer å vere ein god arbeidsplass for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd. Har du hol i CV-en, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg om å krysse av for dette når du søkjer. Det kan gi moglegheit for positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Offentleg søkjarliste: Ver merksam på at namnet ditt vil stå på ei offentleg søkjarliste når du søkjer jobb hos oss. Du kan be om å bli unnateken frå lista ved å grunngje dette, og vi vil vurdere førespurnaden din nærare.
Bakgrunnssjekk: Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar og stadfestar utdanning og arbeidserfaring.
Om arbeidsgivaren
Vel ein jobb der du får utfordra deg sjølv gjennom å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansieringa av velferdssamfunnet ved å sørgje for at alle bidrar med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferda er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne. Vi består av eit direktorat, fem divisjonar med landsdekkjande ansvar og, viktigast av alt: litt over 7000 engasjerte medarbeidarar som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda betre kjent med oss og alt vi held på med? Les meir på skatteetaten.no
Kontaktinformasjon
Kristin Vik Sparvath, underdirektør, 975 56 956Arbeidssted
Rådhusvegen 86770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: SkatteetatenReferansenr.: 5122079836
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Kristin Vik Sparvath
underdirektør
975 56 956
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
963e8d12-d181-4f8a-985c-9f21074cb1d3
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
978364fec5494a0eabc3252305a3e267