Hopp til innhold

Miljørettleiar/miljøarbeidar

Arbeidsgiver

OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Vikastemmo 35, 5411 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar/Miljøarbeidar
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 81%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. april

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.

Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Stord vgs har ledig inntil 5 faste stillingar som miljørettleiar/miljøarbeidar i 81 % stilling, for tida knytt til tilrettelagt opplæring. Stillingane følgjer skuleruta og er av den grunn 81% med arbeidstid 5 dagar for veka når elevane er på skulen.

 

Menn vert oppmoda om å søke


Arbeidsoppgåver

Me søkjer engasjerte og fagleg trygge miljørettleiarar/miljøarbeidarar til ei spesialpedagogisk avdeling for elevar med samansette og omfattande behov, mellom anna utviklingshemming, autismespekterforstyrringar og store kommunikasjons- og reguleringsutfordringar.

Avdelinga er i utvikling og utviding, og me ønskjer medarbeidarar som forstår at kvaliteten i den vaksne sin praksis er avgjerande for elevane si meistring, tryggleik og utvikling.

Arbeidet inneber tett samspel mellom opplæring, omsorg og helsefaglege oppgåver.

Me er tydelege på at dette er eit opplæringsmiljø, der miljørettleiar/miljøarbeidar spelar ei heilt sentral rolle i gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet.

Som miljørettleiar/miljøarbeidar hos oss vil du mellom anna:

  • arbeide tett med elevar i kvardags-, arbeidstrenings- og opplæringssituasjonar
  • bidra aktivt i gjennomføring av mål og tiltak i IOP
  • støtte elevar i kommunikasjon, samhandling, aktivitet og medverknad
  • bidra til tryggleik, regulering og struktur i kvardagen
  • delta i stell, forflytting, måltid og ADL-aktivitetar der det er nødvendig
  • samarbeide tett med lærarar, helsefagleg personale og leiing
  • vere ein aktiv deltakar i fagleg refleksjon og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som:

    har fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid eller helsefagarbeid, men relevant erfaring og annan kompetanse vil også bli vurdert

    -  har erfaring med, og/eller kompetanse innan bruk av ASK
    -  har interesse for – og gjerne erfaring frå – arbeid med elevar med store og samansette behov
    -  forstår at eleven si meistring ofte er situasjons- og relasjonsavhengig
    -  er roleg, tydeleg og trygg i møte med krevjande situasjonar
    -  evnar å halde fokus over tid og arbeide systematisk
    -  trivst i lagarbeid og tek rettleiing på ein profesjonell måte
    -  er lærevillig og open for fagleg utvikling

  • Personlege eigenskapar

    Me legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

    -  er lyttande, raus og samarbeidsorientert
    -  har god reguleringsevne
    -  kan ta initiativ og jobbe sjølvstendig
    -  er fleksibel og taklar endringar i dagen
    -  forstår eiga rolle i eit større fagleg system

    Vi tilbyr

    • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
    • Gode pensjons- og låneordningar i Storebrand
    • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
    • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer

    Kontaktinformasjon

    Mona Ulgenes, avdelingsleiar, 93499806

    Arbeidsstad

    Vikastemmo 35
    5411 Stord

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 5098611717
    Stillingsprosent: 81%
    Fast
    Startdato: 01.08.2026
    Søknadsfrist: 05.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Mona Ulgenes

    avdelingsleiar

    93499806

    Om bedriften

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

    Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    95b1f39c-e071-4711-aaf9-42c7397e4e41

    Sist endret

    23. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    3c7d5fd5b4164ba3864e4068f0ee4e6a

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser