Hopp til innhold

Ledig stilling som Økonomi- og administrasjonsleiar

Arbeidsgiver

STORD FOLKEHØGSKULE AS

Sted

OSEN 5, 5411 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Økonomi- og administrasjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 20. april

Stord Folkehøgskule søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei variert og spanande stilling som Økonomi- og administrasjonsleiar. Du må vere villig til å arbeide i folkehøgskulen si ånd; vere fleksibel og løysingsorientert, og møte elevar og kollegaer på ein likeverdig måte. Me forventar at du har interesse for skulen sine fagområde og folkehøgskulen sin ideologi og verdisyn. Har du erfaring innan økonomi, administrasjon og service, og ønskjer å vere ein del av ein inkluderande skule som rustar unge menneske for livet? Då kan dette vere stillinga for deg!

Arbeidsoppgåver

Som Økonomi- og administrasjonsleiar vil du ha eit breitt spekter av oppgåver, mellom anna:

Ansvar for økonomistyring, budsjettarbeid, rekneskapsføring, kontering og fakturering

Økonomisk oppfølging, internt og mot rekneskapsførar

Rapportering til relevante instansar

Turnus for driftspersonale

Ansvar for kommersiell drift, herunder utleige

Oppfølging av internasjonale søkjarar

Stedfortreder rektor

Referent/protokollførar i ulike møte

HMSK-dokument

Kvalifikasjonar

Me ser etter ein kandidat som har:

Høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad i økonomi og administrasjon

Minimum 5 års yrkeserfaring innan økonomisk og administrativt arbeid

Høg IKT-kompetanse

Svært gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter

Kjennskap til gjeldande lover, forskrifter og retningsliner innan administrasjon og økonomi

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein person som:

Er serviceinnstilt, nøyaktig og har god oversikt

Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar

Har evne til å ta initiativ, ansvar og arbeide sjølvstendig

Er omstillingsdyktig og taklar periodar med høgt arbeidspress

Har stor takhøgd og ei raus tilnærming til både kollegaer og elevar

Me tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer

Høve til fagleg og personleg utvikling

Eit kreativt miljø som verdset initiativ og samarbeid

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Har du lyst til å bidra til vidare vekst og utvikling ved Stord Folkehøgskule? Send oss din søknad med CV og relevante vedlegg innan 02.04.2026

Tilsetjingsvilkår: For tilsetjing ved Stord Folkehøgskule krevst det politiattest av kandidatar som får tilbod om stilling.

Om bedriften

I hjarta av vestlandet - midt mellom Bergen og Stavanger finn du Stord Folkehøgskole, ein kreativ og moderne skule.

Vi har elever fra inn- og utland, og varierte linjer som gir et sosialt og inkluderande skulemiljø.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e881ad05-ccdd-403e-b180-ed0add7a50bf

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

454935303

Lignende annonser

Laster lignende annonser