Hopp til innhold

Lyst å leie og utvikle Borgafjellet barneskule?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule

Sted

Hegglandsdalsvegen 99, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Rektor ved Borgafjellet barneskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Borgafjellet barneskule frå 01.08.26.

Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Rektor skal vera pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass.

Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. I området Oppvekst ligg barnehagar, skular, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste. Som leiar innan oppvekstområdet inngår du i eit tverrfagleg leiarfellesskap. Det er tett samarbeid mellom skuleadministrasjonen og rektorgruppa.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Arbeidsstad
Borgafjellet barneskule var ny i 2021 og ligg vakkert til ved foten av Borgafjellet. Skuleåret 2026-2027 har skulen ca 250 elevar og ca 40 tilsette. Uteområdet er stort og inneheld mange ulike aktivitetssonar. Skulen er framtidsretta både med tanke på bygg og opplæring. Visjonen til skulen er Saman – med respekt og rom for alle.

Arbeidsoppgåver
- Å vera tydeleg leiar for alle på skulen
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid med barnehage

Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå med undervisningskompetanse.
- Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir.
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
- I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
- God IKT- kompetanse.
- Relevant leiarutdanning/leiarerfaring.
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging.

Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert og har fokus på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson
Janne Martha Efteland Eik, Skulesjef, mobil: 934 05 978, jmee@bjornafjorden.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Janne Martha Efteland Eik

+47 934 05 978

jmee@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

333dde41-af96-46e9-82a1-4bdc229ebcdf

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3612689_207767_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser