Hopp til innhold

Miljøpersonale

Arbeidsgiver

Stend vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Fanavegen 249, 5244 Fana

Om jobben

Stillingstittel
Miljøpersonale
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Desse stillingane vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytte til individuelle elevar og kvardagslivstrening.

Denne stillinga vil i hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytt til Anleggsgartnar utdanninga.


Arbeidsoppgåver

Støtte elevane si læring og trivsel ved å bidra aktivt til deira faglege og sosiale utvikling gjennom heile skuledagen. Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter og kompetanse som gjer dei i stand til å meistre arbeidslivet. Gjennomføre læringsøkter og praktiske arbeidsoppgåver i tråd med pedagogiske planar. Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer personar med kompetanse og erfaring frå handverk, fortrinnsvis anleggsgartnar, samt arbeid retta mot ungdom. 
Ønskeleg med fagbrev innan handverksyrke 

 

Personlege eigenskapar

Du har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse. Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig. Du er tolmodig, raus, tydeleg og strukturert. Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte. Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør. Vi legg vekt på at du er engasjert og personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Torbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5098253129
Stillingsprosent: 89,1%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Torbjørn Litlere

avdelingsleiar

40488885

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aa68f62c-db80-4a09-b1a1-de957ce2eaf5

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

36a547067b5d435481aca646d4533da3

Lignende annonser

Laster lignende annonser