Hopp til innhold

Miljøfagarbeider

Arbeidsgiver

OPK-SA - Avd. Restaurant- og matfag, Vestland fylkeskommune

Sted

Sandslimarka 51, 5254 Sandsli

Om jobben

Stillingstittel
Miljøfagarbeider
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. april

Sandsli vidaregåande skule har om lag 600 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Programområda våre er studiespesialiserande, restaurant og matfag, samt gruppe med sal, service og reiseliv HTA arbeidslivstrening. I tillegg har vi både innføringstilbod og vaksenopplæring. Innføringsklassane er eit tilbod til ungdom i alderen 16-18 år som er nykomne til Noreg. Sandsli vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Sandsli vgs er kjend for godt skulemiljø, og resultata i ulike undersøkingar viser høg trivsel blant elevane, og at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling.


Arbeidsoppgåver

Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:

  • Oppfølging og støtte til elevar med behov for tilrettelegging
  • Tilrettelegging for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Saman med elevar og lærarar utføra oppgåver knytt til programområda skulen tilbyr
  • Samarbeide tett med kontaktlærarar, faglærarar og andre tilsette på skulen

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning blir vektlagt. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande utdanning.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar som blir vektlagt:

  • Trygg, tydeleg og inkluderande
  • God evne til å byggja relasjonar
  • Ansvarsbevisst og god på samarbeid
  • Fleksibel og meistrar godt å jobba i ein innhaldsrik og hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Ein spanande arbeidsplass med engasjerte kollegaer
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein skule med gode fasilitetar
  • Samarbeid med næringsliv, andre skular, universitet og internasjonale aktørar
  • Gode velferds- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Anne Helene Øpstebø, avdelingsleiar, 93662069, Anne.Helene.Opstebo@vlfk.no
Bengt Håkon Lund, rektor, 40105611

Arbeidsstad

Sandslimarka 51
5254 Sandsli

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5098050800
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 05.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Bengt Håkon Lund

rektor

40105611

Anne Helene Øpstebø

avdelingsleiar

93662069

Anne.Helene.Opstebo@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9382e80e-1909-45c3-9657-6d74cdac49b9

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2a5d3c8c8a2c450ab7d26508b387db80

Lignende annonser

Laster lignende annonser