Sommarjobb i Vestland fylkeskommune
Eigedom og utbygging, Vestland fylkeskommune
5008 Bergen, 5116 Ulset, 5210 Os, 5260 Indre Arna, 5282 Lonevåg, 5300 Kleppestø, 5353 Straume, 5392 Storebø, 5406 Stord, 5460 Husnes, 5640 Eikelandsosen, 5750 Odda, 5936 Manger, 5943 Austrheim, 6783 Stryn, 6800 Førde, 6854 Kaupanger, 6963 Dale i Sunnfjord, 6993 Høyanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 40
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Fylkeskommunen har mange bygg som som treng vask og vedlikehald i sommar, og vi er på leit etter deg som likar å ta i eit tak i praktisk arbeid.
Så lenge du har fylt 16 år kan du søke! Det spelar inga rolle om du ikkje har arbeidserfaring frå før. Om du har hatt sommarjobb hjå oss før er du også velkommen til å søke igjen. Det vert og lyst ut stillingar for ungdom og unge vaksne som motek bistand frå OT-tenesta.
Arbeidsoppgåver
Vi kan tilby sommarvikarane våre variert arbeid der nokre av hovudoppgåvene går mellom anna ut på hovedreingjering, måling, plenklipping og andre oppgåver knytt til drift og vedlikehald av dei fylkeskommunale bygga våre.Når du leverer søknaden må du svare på spørsmål om i kva geografisk område du kan jobbe. Du kan huke av for fleire stadar i same søknad. I annonsa står det engelske ord: dette er ein leverandørfeil som vil bli retta.
Kvalifikasjonar
- Jobbane vert fordelt til undom over 16 år
- Du må forstå og snakke grunnleggjande norsk
Personlege eigenskapar
Du må
- vere motivert for å arbeide
- trivast i samarbeid med andre
- ha godt humør og pågangsmot
- vere påliteleg og pliktoppfyllande
- vere tilgjengeleg i minimum tre veker (samanhengande eller i fleire omgangar/periodar)
Vi tilbyr
Ved å ha sommarjobb hjå oss får du verdifull jobberfaring som kjem godt med på CV-en din når du skal søke jobb i framtida.
Du får løn i samsvar med tariffavtale i offentleg sektor. Er du mellom 16-18 år er timeløna 162,87 kr. Er du over 18 år er timeløna 203,59 kr.
Du kan få ansiennitetstillegg (erfaring) etter reglane i tariffavtalen.
Vi ringer aktuelle søkjarar for å avtale arbeidsperiode.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktinformasjon
Kontakt, hr-seksjonen@vlfk.noArbeidsstad
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5092052238
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Kontakt
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
825d37d5-1b06-4561-a6a9-d155e5695296
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7b4ef2b470ee499097116bebe2eeba3d