Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Alderspsykiatri SNR (døgn), Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 2, 6450 Hjelset

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere med på laget vårt? Vi kan tilby deg vikariat i døgnseksjonen vår. 

Vi har ledig vikariat for helsefagarbeider

1 x 80% vikariat på dag/kveld i perioda 01.12.25 - 31.05.26
1 x 50% vikariat på natt i perioda 01.12.25 - 31.05.26

Alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk helsefagarbeider med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det. 

Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) ,alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har et stort fokus på miljøtiltak
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og poliklinikk
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak
  • Halde seg fagleg oppdatert og følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak 
  • Bidra til å utvikle et godt samarbeid med kommunane
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
  • Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga
  • Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 2
6450 HJELSET

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5031990840
Stillingsprosent: 80, 50%
Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 31.05.2026
Søknadsfrist: 26.11.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9436b229-7f24-4034-b72c-c35ec624de69

Sist endret

27. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

698bde2faa304bb98c33db1f755ca269

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset