Sjukepleiar
Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 2. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Vi har no ledig eit års vikariat til ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som ønskjer å vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med alvorlege psykisk sjukdom. Sengeposten er nyoppretta, og vi er på jakt etter ein sjukepleier som vil vere med i arbeidet med utvikling av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Seksjonen vår skal tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Som sjukepleiar vil du få ei viktig rolle i det daglege pasientarbeidet, og du vil vere med på å utvikle rutinar, faglege tilnærmingar og eit godt arbeidsmiljø.
Seksjon for Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei breidt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulike behandlingar som medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming.
Vikariatet er tilgjengeleg for oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi/aktivitet: Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid
- Observasjon, vurdering og dokumentasjon: Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering
- Samtaleterapeutisk tilnærming
- Medikamenthandtering: Administrere og følgje opp medikamentell behandling i tråd med medisinforordningar, gjeldande rutinar og forskrifter
- Koordinering/tverrfagleg samarbeid: Delta aktivt i behandlingsmøte og samarbeide tett med lege, psykolog og andre faggrupper. Vere ein koordinator for pasientarbeidet
- Pårørandearbeid: Vere ein kontaktperson og støtte for pårørande, og bidra til god kommunikasjon og samarbeid
- Fagutvikling: Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg
- Krav om god meistring av norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er pasientorientert, fleksibel og løysingsfokusert
- Du trivast med kombinasjonen av å jobbe både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du er oppteken av høg fagleg standard
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med tidvis høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Nordmøre og Romsdal her
Kontaktinformasjon
Ingunn Romundstad Innerdal, Konst. seksjonsleiar, Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5085001558
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 02.03.2027
Søknadsfrist: 15.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
750e4491-f6fb-4fac-a3b4-4633a26eb274
- Sist endret
25. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1ee35897c86f4baebfbf53150c171c3d
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset