Hopp til innhold

Sjukepleiar/ vernepleiar

Arbeidsgiver

Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/ vernepleiar
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 45%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i morgen

Vi har no ledig vikariat for sjukepleiar/ vernepleiar.

Vi ønskjer oss ein positiv og fagleg dyktig person som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønsker oss kollegaer som er personlig eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt. Dersom du kjenner deg igjen i skildringa over, så håper vi at du sender oss ein søknad.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
  • Følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Obligatorisk kursing og trening i MAP 
  • Delta aktivt i seksjonen sin utvikling
  • Legemiddelhåndtering

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helse/ rus er ønskjeleg
  • Du må gjerne ha erfaring frå psykisk helsearbeid, rus eller anna relevant erfaring, men det er ikkje eit krav
  • Søkjarar med anna aktuell helsefagleg utdanning kan bli vurdert til stillinga
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Førarkort kl. B er ønskeleg

Personlege eigenskapar

Denne jobben kan tidvis være krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiing du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskader av dette, og det forventer vi at du toler å stå i.

  • Vi ønskjer oss en truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si begrensning, og nok styrke til å trå til når det trengs
  • Du er nysgjerrig på fagfeltet, som tør å stille spørsmål og som er komfortabel med å bringe dine synspunkt inn til diskusjon med dine kollegaer
  • Vi jobbar i eit hektisk miljø og vi er avhengig av å ha tilsette som kan ta ei utfordring på sparket, og stole på seg sjølv
  • Du er positiv, god relasjonsbyggar og løysingsorientert slik at vi kan samarbeide godt både i eigen seksjon og på tvers med andre yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar
  • Du har stor arbeidskapasitet og god fysisk og psykisk helse då vi tidvis har pasientarbeid som er krevjande

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar spesielt menn til å søkje.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Ingrid Ølander, Konst. seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5041168970
Stillingsprosent: 45%
Vikariat
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 28.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingrid Ølander

Konst. seksjonsleiar

Ingrid.Olander@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9dc72b4c-6fe3-415e-8695-4c33472d02d0

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0a912159dc1f4009aba546a165fb2ae3

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset

Arbeidsgiver

Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset