Helsefagarbeidar
Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Oppstart
- 1. juni 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. mars
Vi har no ledig ei fast deltidsstilling for helsefagarbeidar!
Vi ønskjer oss ein positiv og fagleg dyktig person som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønsker oss kollegaer som er personlig eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt.
Dersom du kjenner deg igjen i skildringa over, så håper vi at du sender oss ein søknad.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Obligatorisk kursing og trening i MAP
- Delta aktivt i seksjonen sin utvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Vidareutdanning innan psykisk helse/rus er ønskjeleg
- Du må gjerne ha erfaring frå psykisk helsearbeid, rus eller anna relevant erfaring, men det er ikkje eit krav
- Søkjarar med anna aktuell helsefagleg utdanning kan bli vurdert til stillinga
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Førarkort kl. B er ønskeleg
Personlege eigenskapar
Denne jobben kan tidvis vere krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiinga du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskader av dette, og det forventer vi at du toler å stå i
- Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si begrensning, og nok styrke til å trå til når det trengs
- Du er nysgjerrig på fagfeltet, som tør å stille spørsmål og som er komfortabel med å bringe dine synspunkt inn til diskusjon med dine kollegaer
- Vi jobbar i eit hektisk miljø og vi er avhengig av å ha tilsette som kan ta ei utfordring på sparket, og stole på seg sjølv
- Du er positiv, god relasjonsbyggar og løysingsorientert slik at vi kan samarbeide godt både i eigen seksjon og på tvers med andre yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar
- Du har stor arbeidskapasitet og god fysisk og psykisk helse då vi tidvis har pasientarbeid som er krevjande
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar spesielt menn til å søkje.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Ingrid Ølander, Seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5090866568
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 25.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7459fdc4-6f6a-42ce-8c38-b5267c961a07
- Sist endret
11. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f1b8329954234b829584710b84058e85
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Psykiater
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset