Sjukepleiar
Sengepost Kirurgi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnader? No har du moglegheita!
Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og åpna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landets mest moderne helsebygg. Kirurgisk sengepost har eit breitt spekter av kirurgiske pasientgrupper, og vi er opptatt av tverrfagleg samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling. Vi søker etter sjukepleiar til kirurgisk sengepost SNR, ved det splitter nye akuttsjukehuset på Hjelset.
Kirurgisk sengepost driv med ortopedi, urologi, gynekologi, plastikk og gastrokirurgi. I februar opna vi òg ein 5-døgnspost der vi no har samla alle dei raskt planlagde forløpa innan alle faga våre.
Vi tilbyr forskjellig typer turnusar. Vakter på 7,5 time, men også 12-timers vakter for den som ønsker det. Tredje eller fjerde kvar arbeidshelg.
Vi bruker mykje tid på god turnusplanlegging, dette tilrettelegg vi saman med deg!
Vi søkjer no etter:
- 1 x 100 % fast stilling fra 01.5.26
- 2 x 100 % vikariat fra 01.5.26 t.o.m. 31.08.27
Vikariatene er med moglegheit for forlenging.
Vi søker engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hos oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling.
Dersom du ønsker å bli ein del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi at du vil søke på stilling hos oss.
Interne omrokkeringer kan gi andre ledige stillingsprosentar.
Arbeidsoppgåver
- Heilheitleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar
- Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi
- Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar, palliativt team og andre faggrupper
- Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Det er ønskeleg med erfaring fra kirurgisk seksjon, men nyutdanna oppfordrast også til å søke
Personlege eigenskapar
- Du er sterkt motivert og løysningsorientert
- Du har evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling
- Du er strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel, og har evne til å jobbe i team og vere sjølvstendig
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Anders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, +47 97165121, Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5104786666
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4e06669f-e4b0-415d-b579-b78d5416db07
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7cd0fcf4797940bfb35acd10dccd5c18