Hopp til innhold

Aktivitetsvert for sommaraktivitetar – Sommarjobb

Arbeidsgiver

Kultur, Vinje kommune

Sted

Vinjevegen 192, 3890 Vinje

Om jobben

Oppstart
22. juni 2026
Stillingstittel
Aktivitetsvert for sommaraktivitetar – Sommarjobb
Type ansettelse
Sesong, deltid 40%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 19. mai

Har du lyst til å bli med på å skape tidenes beste sommar i Vinje? Vinje kommune skal arrangere eit sommartilbod med gode og morosame aktivitetar for barn frå 5. til 10. klasse. Saman skapar me opplevingar, sosiale møte og minne for livet! 

Arbeidsoppgåver

Som aktivitetsvert for ferieaktivitetar er du med i ei gruppe som lagar til morosame og spennande aktivitetar for barn og ungdom i 5.-10.-klasse i Vinje kommune. Me grillar, badar, syklar og reiser på tur til Sommarland i Bø. Me køyrer gokart, ser film, spelar fotball og gjer mange andre ting saman gjennom sommaren. Du som er aktivitetsvert er med på å finne på ting, passe på barna slik at dei er trygge og har det bra, og du hjelper til med å gjennomføre aktivitetar slik at dei er trygge, inkluderande og morosame.

Målet for ferieaktivitetane er at alle som er med skal få gode opplevingar, og hugse sommaren 2026 som ein skikkeleg bra sommar!

Vert du tilsett som aktivtetsvert for ferieklubben kan du rekne med å jobbe opp mot 20 dagar i løpet av sommaren. Sommarskulen har som regel 2-3 dagar aktivitet i veka.

Kvalifikasjonar

Erfaring frå arbeid med barn og unge, til dømes:

  • skule eller SFO
  • fritidsklubb eller idrettslag, som trenar eller liknande

Du må ha fylt 18 år.

Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid eller pedagogikk er eit pluss, men ikkje eit krav.

Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden

Personlege eigenskapar

  • Trygg med barn og unge
  • Glad i å leike
  • Blid og omgjengeleg
  • Påliteleg

Har du peiling på surfing, dataspel, fjellklatring, filmskaping, rullebrett, sykling eller andre aktivitetar som er morosamt å drive med på sommaren, så er det eit pluss.

Me tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Ein morosam og spennande sommar, med varierte oppgåver og full fart!

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Det er krav om politiattest. Godkjend attest må leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5123779656
Stillingsprosent: 40%
Engasjement
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 19.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristian W. Rantala

Verksemdsleiar kultur og fritid

94983823

kristian.rantala@vinje.kommune.no

Om bedriften

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

939b97e9-9698-488f-a383-5ba101eadf54

Sist endret

11. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7f3f55e2f27c49d59ae8d421d5f6912a

Lignende annonser

Laster lignende annonser