Pedagogisk leiar - 200 % fast
Edland barnehage, Vinje kommune
Storegutvegen 50, 3895 Edland
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar - 200 % fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. mai
Edland barnehage søkjer to leikne og engasjerte pedagogiske leiarar!
Me er den nordvestlegaste barnehagen i Vinje kommune, og er ein av fire kommunale barnehagar. Barnehagen ligg midt i smørauga av norsk natur. Me ligg nær skule, svømmebasseng, bibliotek, sykkelpark, turstiar og ljosløype, og har mange naturmoglegheiter til alle årstider.
I barnehagen er me 17 tilsette. Det er ei god blanding av pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og matansvarleg. Alle har mykje og god kunnskap om barn og barns utvikling.
- Vil du vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn?
- Har du evne til å skape gode relasjonar til barn, og eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barn?
- Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage?
- Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdeling
- Medansvar for det pedagogiske arbeidet i heile barnehagen
- Fagleiing av dei tilsette på avdeling
- Vera ein del av leiarteamet i barnehagen
- Medansvarleg for dagleg drift av barnehagen
- Ansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
- Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
- Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning er eit krav, men anna relevant utdanning kan etter ei samla vurdering av utdanning og erfaring bli godkjend
- Norskferdigheiter jf barnehagelova §27
Personlege eigenskapar
- Du skapar trygge relasjonar
- Du er engasjert og tek initiativ
- Du finn løysingar til det beste for barna i ein travel kvardag
- Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar
- Du er glad i å vera i aktivitet, både inne og ute
- Du må trivast i ein hektisk kvardag
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Ein barnehage der naturen er tett på - skogen, fjellet og nærmiljøet er vår leikeplass
- Ein kvardag med fokus på leik, opplevingar og utforsking
- Varierte og spanande utfordringar
- Ein arbeidsplass prega av humor og glede
- Løn etter lokal lønstabell - høgare enn KS sin sentrale minsteløn
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og moglegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Katrine Grindalen, Verksemdsleiar Edland barnehage, +47 41540655Arbeidsstad
Storegutvegen 503895 Edland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5127865742
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Katrine Grindalen
Verksemdsleiar Edland barnehage
+47 41540655
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d3b09caa-409f-41da-bd07-995e81d59d33
- Sist endret
12. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
163d479c18fd4ffd82075ef52522d03b