Er du Maskin Ingeniør, interessert i ny teknologi og grøn skipsfart?
The Norwegian Ship Design Company AS
Hafstadvegen 21, 6800 Førde
Om jobben
Vi søkjer etter dyktige og motiverte maskiningeniørar innan Marin prosjekt som har spesiell interesse for ny teknologi og grøn skipsfart. Som ein del av vårt team vil du jobbe med prosjektering av nybygg og ombygging for ei rekke ulike fartøystypar.
- Stillingstittel
- Skipsingeniør
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk, skandinavisk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som har maskinteknisk utdanning, kunnskap om, og interesse for framtidsretta skipsdesign.
Du har spesielt fokus på skreddarsaum, optimalisering og energieffektivitet, og blir gjerne motivert av å bidra til realisering av fartøy med grøne energibærarar. Om du har erfaring frå teikning og berekning tel det positivt, det samme gjeld deg med erfaring på tvers av disiplinar.
God teknisk forståing er viktig, samt at du er løysingsorientert og effektiv. Vi samhandlar mykje både internt og eksternt, noko du bør like og handtere på ein god måte.
Du bør som alle våre tilsette ha vilje til å yte litt ekstra for å lukkast saman og levere dei beste tenestene.
Arbeidsoppgaver
I arbeidsoppgåvene inngår mellom anna:
-
Skipstekniske berekningar
-
2D teikning
-
3D modellering
-
Konstruksjon
-
Spesifikasjon
-
Dokumentasjon
-
Kommunikasjon med kundar, leverandørar, klasse, myndigheiter, samt internt i prosjekt team.
Vi tilbyr
Hos oss får du vere del av eit solid team med ein framtidsretta og innovativ tankegang. Norwegian Ship Design er samansett av både unge, nyutdanna skipsingeniørar og godt erfarne fagpersonar som sit på mykje kompetanse og kunnskap. Vi har stor fokus på kompetanseoverføring og tilbyr eit miljø der vi både lærer av kvarandre og forskar på ny teknologi.
Du kjem til ein spennande og allsidig arbeidsplass med gode utviklingsmulegheiter. Vi har konkurransedyktig lønn og svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi er gode på å ha det sosialt og moro i lag, og kosar oss litt ekstra når sjansen byr seg, i både liten og stor skala.
Ynskjer du å vere del av ei solid bedrift som er leiande på sitt fagfelt både i Noreg og på verdsbasis og der du får vere med å utvikle ny teknologi som vil sette spor i lang tid framover, ja då er du velkommen til å søke hos oss.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Norwegian Ship Design leverer førsteklasses skipsdesign, konsulent- og rådgjevingstenester til ei rekkje kundar i inn og utland. Vi har ein klar ambisjon om å vere den leiande og føretrekte skipsdesign- og engineering partner for framtidsretta og energieffektive lav- eller 0-utsleppsfartøy.
Våre tilsette har høg kompetanse innan alle relevante fagområde for bygging og ombygging av skip, og saman satsar vi systematisk på energieffektive 0-utsleppsfartøy.
Vårt kontor ligg sentralt til i Førde sentrum, og husar over 20 engasjerte og dedikerte tilsette frå heilt unge med friske tankar og pågangsmot til godt vaksne med årelang og solid erfaring.
Hos oss inneheld kvar dag utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver gjennom kontinuerleg læring og kompetanseoverføring.
Eit utviklande miljø kombinert med humor, samhald og stor takhøgd, er mykje av essensen i at vi lukkast saman som eit lag, og bidreg til suksessen vi no opplever med framtidsretta og utsleppsfrie skipsdesign.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
92042a6d-28c1-4d26-abe0-99d9e0ebd36a
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
92042a6d-28c1-4d26-abe0-99d9e0ebd36a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
The Norwegian Ship Design Company AS
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Farmar Crewing As
Sted
Agder, Rogaland, Vestland, Danmark, Polen, Sverige
Prosjektingeniør / teknisk tegner
Arbeidsgiver
Nortronik AS
Sted
Førde