Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule
Lerkevegen 2, 5212 Søfteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assustebt ved Søfteland barneskule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 19. mai
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, lesing og skulemiljø.
Arbeidsstad
Søfteland barneskule ligg like ved riksvegen på veg mot Os sentrum når du kjem frå Bergen. Vi har 200 elevar og 35 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna. Les gjerne meir om skulen på heimesida: www.softeland.skule.no
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i skule og SFO. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen. Delar av begge stillingane vil vere knytt opp mot ein einskildelev som treng mykje støtte og hjelp gjennom skuledagen.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant udanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HK-dir.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson: Line Marie Aarbakke
lmaa@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
91d67dd8-6b8e-401b-b546-b6f8eecd6b6a
- Sist endret
4. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3624363_207777_nn