Hopp til innhold

Læreplassar i Vågå kommune hausten 2026  

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Fellestenester

Sted

2680 Vågå

Om jobben

Stillingstittel
Lærling barne- og ungdomsarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar for å sikre god og kompetent arbeidskraft for framtida. Frå hausten 2026 har kommunen inntil åtte ledige læreplassar som:

Helsefagarbeidar Institusjonskokk Barne- og ungdomsarbeidar Dataelektronikar eller IT-driftsarbeidar

Elevar som har bestått Vg1 og Vg2 kan søkje. Lærlingen vil få rettleiing og oppfølging av kompetente fagfolk. Vågå er ein stor og profesjonell arbeidsgjevar som har lang tradisjon i å utdanna lærlingar.

Lærlingane blir tilsett på ordinære læreavtaler som går over 24 månader, med oppstart august/september 2026, eller etter avtale med tenestestaden.

For meir opplysningar kontakt lærlingkoordinator Mona Sveen tlf. 996 93 818, e-post: mona.sveen@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 01.03.26.

Søknad m/CV skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Gje eit stutt samandrag av kven du er og grunngje kvifor du ønskjer læreplass i vår kommune. Attestar og vitnemål kan du ta med på intervju.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontaktperson for stillingen

Mona Sveen

Lærlingkoordinator

99693818

mona.sveen@vaga.kommune.no

Om bedriften

Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid -- med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

90f57a32-1594-4fa2-a164-cdd721bca7f5

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

90f57a32-1594-4fa2-a164-cdd721bca7f5

Lignende annonser