Miljøterapitenesta søkjer etter fleire tilsette!
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
Vågå
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Type ansettelse
- Fast, deltid 43%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
*Miljøterapitenesta leverer tenester til personar både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming og/ eller psykiske lidelser. *
Tenesta er delt inn i tre avdelinger. Det er to bufellesskap: Eksismoen, Finntunet, og eit dagsenter som ligg i Sjårdalen: Solhaug. Miljøterapitenesta skal sørgje for at kvar enkelt har ein trygg og forutsigbar kvardag, med størst mogleg grad av sjølvstendighet og mestring i eiga liv.For å møte framtidige behov utvidar vi nå personalgruppa kring brukar. Gruppa utførar målretta miljøarbeid og tilrettelegging for meistring og utvikling. Gruppa har ein foreina praksis og arbeider etter rettleiing frå tenesta og habiliteringstenesta. Det er 2:1 bemanning rundt brukaren.
Vi ynskjer primært søkjarar med helsefagleg utdanning, som helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og vernepleiarar. Men er opne for søkjarar med anna relevant utdanning, eller deg som er i gang med eller skal starte på relevant utdanning.
Oppstart: September 2026.
Turnus: Arbeidstida vil vere dag- og kveldsvakter i vekedagar og helgar. Det er i tillegg behov for nattevakter, anten om du ønskjer å kombinere med dag- og kveld, eller å arbeide rein nattevaktsstilling (66%).
Stillingsprosent på dag- og kveld vert avtalt nerigare og kan tilpassas den som vert tilsett.
Arbeidsoppgåver (ikkje uttømmande):
-
Målretta miljøarbeid
-
Tilrettelegge for meistring og utvikling
-
Iverksettje tiltak, evaluere og forbetre
-
Samarbeid med prosjektgruppe, eksterne samarbeidspartar og spesialisthelsetenesta
-
Medikamenthandtering (kurs blir gjeve)
-
Aktiv i arbeid med HOL kap. 9 -- Tvang og makt.
-
Dokumentasjon i digitale system
-
Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar er ein fordel
-
Anna relevant utdanning blir også vurdert
-
Kandidatar som ikkje har relevant utdanning, men som anten er i gang eller planleggar å starte i utdanning er også oppmoda om å søkje
-
Relevant erfaring frå liknande type arbeidsoppgåver er ein fordel
-
Gode skriftlege og munnlege eigenskapar i norsk (tilsvarande minimum nivå B1)
-
Erfaring frå og komfortabel med å arbeide i ulike digitale system
Det er krav om politiattest for stillinga.
Personlege eigenskapar:-
Du er trygg på deg sjølv og beheld roen i utfordrande situasjonar.
-
Du har gode kommunikasjonsferdigheter ved å være imøtekommande, tydeleg og tålmodig.
-
Du er støttande, empatisk og uthaldande.
-
Du er god til å førebygge og handtere konfliktar og du klarer å legge konfliktar bak deg
-
Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel.
-
Du har fokus på kompetanse og kvalitet, og er lojal til beslutningar som er tatt.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor bør du melde di interesse?-
Spennande og utfordrande teneste der du som person kan bidra til å gjere ein stor forskjell for brukaren.
-
Rettleiing frå tenesta samt habiliteringstenesta.
-
Månadlege teammøter.
-
Moglegheit for kompetanseheving
-
Minste startløn tilsvarande 8 års ansiennitet for deg som har helsefagleg utdanning.
-
God pensjonsordning via KLP
-
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.
Nærare informasjon blir gjeve av konstituert avdelingsleiar Eksismoen Marion Holen. Tlf. 488 57 304. Epost: marion.holen@vaga.kommune.no
Korleis søkje?Søknad for stillinga skal sendast på elektronisk søknadsskjema
Attestar og vitnemål sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller som vanleg post til Vågå kommune, Edv. Stormsv 2, 2680 Vågå.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
183263cf-86a8-45c8-9559-5be4140d0fe6
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
183263cf-86a8-45c8-9559-5be4140d0fe6