Hopp til innhold

Klarer du å gjere skatt interessant på 15 sekund?

Arbeidsgiver

Skatteetaten, IT

Sted

Fredrik Selmers vei 4, 0663 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Junior innhaldsprodusent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars

Det prøver vi å gjere nesten kvar dag. Til millionar av nordmenn. No ser vi etter ein innhaldsprodusent som er i starten av karriera. Vi vil at du skal vere med på å gjere kompliserte ting enkle, keisame ting morosame, og viktige ting forståelege. Velkomen til eit av statens mest kreative miljø.


Kva du faktisk kjem til å gjere

Du skal lage innhald som gjer at folk forstår ting dei treng å vite. Du lagar innhald som får folk til å opne skattemeldinga si eller sjekke skattekortet sitt. Du skriv tekstar som hjelper tilsette med å forstå kva som skjer i Skatteetaten.

Du produserer innhald til sosiale media, intranett, nettsidene våre og kampanjar. Det kan vere video, enkle grafiske element, bilete eller tekst, eller ein kombinasjon av alle desse. Du jobbar tett med både fagfolk innan kommunikasjon og fagfolk som kan juss og teknologi mykje betre enn deg. Saman skal dere finne ut korleis formidle kompliserte ting på ein enkel og forståeleg måte.
Og ja, dette er Skatteetaten og vi har laga ein del innhald før. Sjå nokre døme:

Du må

  • ha erfaring med innhaldsproduksjon. Det vil seie at du kan filme, ta bilete, skrive og produsere grafisk innhald
  • kunne vere med på heile prosessen, frå idé til gjennomføring, filming og redigering, frå utkast til korrektur
  • kunne prosjektlede deg sjølv gjennom ulike typar produksjonar, eller bli leda av ein kollega eller jobbe i tverrfaglege team
  • kunne skrive godt norsk
  • vere kreativ og nysgjerrig

Du bør ha

  • utdanning innan media, video, kommunikasjon eller liknande
  • erfaring med redigeringsverktøy for innhaldsproduksjon. Vi nyttar i dag ulike Adobe-produkt
  • kjennskap til sosiale media og kva som fungerar der 

Det du kanskje ikkje hadde forventa

Du får jobbe i eitt av Noregs største kommunikasjonsmiljø. Eit miljø som nettopp vann gull som Årets kommunikasjonsmiljø for korleis vi jobbar strategisk, måler effekt og samarbeider på tvers. Her er det designarar, animatørar, tekstforfattarar, videoprodusentar, fotografar, kommunikasjonsrådgjevarar og andre som brenn for å lage kommunikasjon som faktisk verkar.

Slik søkjer du

Vi har droppa søknadsbrevet. I staden vil vi sjå kva du kan:

  1. Gå inn på Søk på stillinga
  2. Last opp CV-en din som viser kva du kan og har erfart så langt
  3. Last opp eit PDF-dokument på ei side med lenke til 3 videoproduksjonar du har laga og ein kort tekst der du fortel kva rolle du hadde i kvar av videoane
Kvifor skal du velje oss?

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Vi kan freiste med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og med store moglegheiter til å planleggje eigen arbeidsdag.

Hos oss får du jobbtryggleik, god balanse mellom jobb og privatliv, og ein arbeidsplass der du kan utvikle deg vidare. Du får rammer som sikrar deg tid til å puste, fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt høve til å trene litt i arbeidstida. Både kollegane dine og sjefen din vil be deg om å logge av til tider og ta fram blyant og papir.

Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt leggje til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere.

Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer òg med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gode vilkår. Les meir på spk.no.

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som rådgjevar (kode 1434), med ei årslønn på 500 000 – 620 000 kr.

Og ikkje minst: vi har eit kommunikasjonsmiljø med hyggelege og erfarne kollegaer som vil hjelpe og støtte deg heile vegen. Du er kanskje ny i bransjen. Vi er 250 år. Saman skal vi lage innhald om skatt som alle kan forstå.

Verdt å merke seg før du søkjer

Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får snakke med nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne betre ut om vi er ein god match.

Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd.

Har du hol i CV-en din, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg høve til å få positiv særhandsaming. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne søkjarlista. Då må du grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.

Kontaktinformasjon

Hallvard Lavoll, Underdirektør, 936 34 354, Hallvard.Lavoll@skatteetaten.no

Arbeidssted

Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Skatteetaten

Referansenr.: 5085296051
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hallvard Lavoll

Underdirektør

936 34 354

Hallvard.Lavoll@skatteetaten.no

Om bedriften

Vel ein jobb der du får utfordre deg sjølv gjennom å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansieringa av velferdssamfunnet ved å sørgje for at alle bidreg med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferd er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne. Vi består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkjande ansvar, og viktigast av alt: over 7 000 engasjerte tilsette som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli betre kjent med oss og alt vi held på med? Les meir på skatteetaten.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

90aac172-d588-4af5-be69-af2f832bdad1

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e4028ca991ce4afa9c1e5895118b5c4e

Lignende annonser