Lærling ernæringskokk
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærling ernæringskokk
- Oppstart
- 1. september 2026
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Om stillinga
Me søkjer etter ein lærling i faget ernæringskokk i 100% stilling. Arbeidet inneber jobb på dagtid og noko kveldstid (til kl. 19.00), og har arbeid 3. kvar helg.
Kjøkkenet produserer og leverer mat til pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset.
Me lagar mykje heimelaga mat etter kok - server metode til pasientane og har ansvar for maten i kantina til tilsette og pårørande.
Kjøkkenlokalet er nyoppussa og har heilt nytt utstyr frå mai 2025.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og Hardanger. Voss sjukehus har rundt 400 tilsette.
Voss herad har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Tilbereding og produksjon av varm og kald mat
- Hygiene og mattryggleik
- Oppvask, rydding og reinhaldsoppgåver
- Service i kantine ved kjøp og salg av mat og drikke
- Jobb i turnus, med dag, kveld og helgearbeid
- "Lærlingdagar" med fokus på læreplan og læremål som ikkje inngår i dei daglege arbeidsoppgåvene
Kvalifikasjonar
- Fullført vidaregåande opplæring i resturant-og matfag (2 år)
- Interesse for matfaget
- Interesse for spesialkostar og ernæring
- Kunnskap om reinhald og god hygiene i alle ledd
- Den som vert tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Like eit hektisk kjøkkenmiljø
- Ynskje om å lære
- Allsidig og ansvarsbevisst med evne til å sjå arbeidsoppgåvene
- Vera god på samarbeid
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Serviceinnstilt
Me tilbyr
- Nytt og moderne kjøkken med nytt utstyr (2025)
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit triveleg og spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, rettleiing, fagleg og personleg oppfølging
- Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplane
- Rettigheiter og plikter som andre tilsette i sjukehuset
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Tesdal, Seksjonsleiar kjøkken, 90060585, kristin.tesdal@helse-bergen.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5060242368
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2028
Søknadsfrist: 01.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9028c5e8-4988-44b9-9928-57c387d8a1ca
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1fe42bb5baa248e2b8bb61bce86f3236
Lignende annonser
Sjukepleiar – fast stilling ved Voss sjukehus, Oppstart sommaren 2026
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF, Voss sjukehus
Sted
Voss
2 faste 14% helgestilling
Arbeidsgiver
Voss herad Rehabiliteringsavdeling, Hagahaugen
Sted
Voss
Sjukepleiar i langvakt på Vossestrand - institusjon og heimeteneste
Arbeidsgiver
Voss herad Område nord
Sted
Vossestrand