Hopp til innhold

Har du lyst å bli rå på blodtapping?

Arbeidsgiver

Immunologi og transfusjonsmedisin, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Tapping av blodgivere
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars

Sjukepleiar eller bioingeniør med interesse for blodbank? Vi treng deg i blodbanken!

Blodbanken vår er ein viktig del av sjukehuset – og no ser vi etter deg som vil bli med i laget vårt. Her jobbar vi tett på både blodgivarar og pasientar, og du får ei variert arbeidskvardag der både prøvetaking og pasientkontakt står i sentrum.

Hos oss blir du ein del av ei triveleg og samansveisa gruppe, som støttar kvarandre og har det kjekt på jobb. Vi har base i det nye sjukehusbygget i Haugesund, med moderne fasilitetar og høg kvalitet i arbeidet vårt.

Kanskje har du erfaring frå blodprøvetaking frå før – eller kanskje er du nysgjerrig på faget og har lyst til å lære meir. Det viktigaste for oss er at du er trygg i møte med menneske, liker å samarbeide og trivst i eit aktivt miljø der dagane går fort.

Her finn du ei akkreditert avdeling med høg fagleg standard og moderne utstyr – vi jobbar etter krav frå NS-EN ISO 15189.

👉 Kjenner du at dette kan passe for deg? Send inn ein søknad no!


Kva går jobben ut på?

Dette er noko av det du vil å jobbe med hos oss:

  • Ta imot og tappe blodgivarar.
  • Ha samtalar med blodgivarane og vurdere om dei kan gi blod.
  • Sette opp og administrere timar for blodgiving.
  • Svare på telefon og hjelpe blodgivarar med spørsmål.
  • Ta blodprøver pasientar.
  • Gjere merkantile oppgåver.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller bioingeniør er ein forutsetning
  • Erfaring frå tapping/prøvetaking er ein fordel, men ikkje nødvendig.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Må like å jobbe/snakke med mennesker

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er ansvarsbevisst, nøyaktig og til å stole på
  • trivst med å jobbe med folk og skaper ein god tone i møte med andre
  • liker å samarbeide og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • har høg arbeidsmoral og tar oppgåvene dine på alvor
  • taklar hektiske dagar med godt humør
  • liker å ta blodprøver

Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Desse fordelane får du hos oss:

  • Du blir ein del av eit trygt og inkluderande fellesskap der vi har det kjekt på jobb.
  • Arbeidskvardagen er variert – her er ingen dagar heilt like.
  • Bra pensjon og forsikringar som dekker deg både på jobb og reise.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280, anita.larsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5084233108
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Anita Larsen

Funksjonsleder

+47 52732280

anita.larsen@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8f93233c-4db2-4e4f-b227-4840ce9c74ee

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c052b2e8ea74456d9eb4d30a894e0397

Lignende annonser