Bemanningskonsulent i HR - likar du å få ting til å fungere?
Bemanningssenter, fast ansatte, Helse Fonna HF
Karmsundgata 51, 5529 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Bemanningskonsulent i HR
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. april
Likar du å ha oversikt, følgje opp og få ting til å falle på plass? Då kan dette vere jobben for deg.
Hos oss blir du ein viktig del av arbeidet med å få kvardagen til å fungere på tvers av sjukehuset. Du samarbeider tett med leiarar og medarbeidarar, og bidreg til at rett kompetanse er på plass når behovet oppstår – både gjennom innleige og vårt interne Bemanningssenter.
Dette kan vere jobben for deg som likar å følgje opp, har auge for detaljane og trivst med å samarbeide med andre. Du er god med folk og oppteken av å møte andre på ein god måte.
📩 Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt. Vi gler oss til å høyre frå deg.
Kva går jobben ut på?
Du vil mellom anna:
- Planlegge og følgje opp bemanning og ressursbruk.
- Koordinere behov for vikarar og innleige.
- Gi opplæring og rettleiing til leiarar.
- Utarbeide arbeidsavtalar.
- Arbeide med system og rutinar for bemanning.
- Bidra i felles sommarrekruttering
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet, innan HR, helse, administrasjon eller økonomi.
- Erfaring med bemanningsplanlegging, turnus eller ressursstyring kan kompensere for høgare utdanning.
- Erfaring frå bemanningsplanlegging og koordinering av medarbeidarar er ønskeleg.
- Gode IKT-kunnskapar.
- Du må kunne uttrykkje deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi trur du vil passe godt hos oss dersom du:
- likar å ha oversikt og følgje opp fleire oppgåver samtidig
- trivst med mange avklaringar og kontakt i løpet av arbeidsdagen
- får med deg detaljane og sørgjer for at ting blir tekne vidare
- er god med folk og lett å samarbeide med
- finn gode løysingar når behov og planar endrar seg
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Jobbe i eit tverrfagleg team der ulik kompetanse utfyller kvarandre.
- Eit arbeidsmiljø med låg terskel for å spørje, dele erfaringar og hjelpe kvarandre.
- Støtte i kvardagen frå kollegaer som stiller opp når du treng det.
- Moglegheit til å utvikle deg vidare innan bemanning, koordinering og systemarbeid.
- Fleksibel arbeidstid.
Vitnemålsportalen
Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Signe Elisabeth Hetland, Avdelingsleiar, +47 91183198, signe.elisabeth.hetland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 515529 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5095497723
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
75be3627-efc8-4b4b-b8c4-909bf6b3ff0e
- Sist endret
24. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d4382496c530404195f3a4c904dbb059