Hopp til innhold

Lærling i innhaldsproduksjonsfaget

Arbeidsgiver

Kommunikasjonsseksjonen, Vestland fylkeskommune

Sted

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i innhaldsproduksjonsfaget
Oppstart
17. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 19. mars

Vil du jobbe kreativt med tekst, foto, video og digital historieforteljing i Vestland fylkeskommune?

Vestland fylkeskommune har ledig læreplass i innhaldsproduksjonsfaget ved kommunikasjonsseksjonen i avdeling for organisasjon og økonomi. 

Som lærling vil du få opplæring i planlegging, gjennomføring og publisering av digitale innhaldsproduksjonar i tråd med læreplanen for vg3 innhaldsproduksjonsfaget. Du blir ein del av eit fagleg sterkt kommunikasjonsmiljø som jobbar med strategisk kommunikasjon både internt og eksternt, på nettsida vestlandfylke.no og i some. 

Læretida etter fullført og bestått vg2 er estimert til to år, og du vil få tett oppfølging av fagleg ansvarleg instruktør.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere tilpassa kompetansen din og utvikle seg gjennom læretida. Aktuelle oppgåver kan vere: 

  • planlegging, gjennomføring og publisering av ulike innhaldsproduksjonar 
  • produksjon av innhald til digitale kanalar, tilpassa målgruppe, kanal og bodskap 
  • foto-, video- og/eller lydproduksjon, inkludert etterarbeid og klargjering for publisering 
  • bidrag i idéutvikling, historieforteljing og presentasjon av kommunikasjonsprosjekt 
  • arbeid i tråd med krav til universell utforming av digitale produkt 
  • bruk av gjeldande regelverk og retningslinjer for etikk, personvern og opphavsrett 
  • refleksjon rundt eigen fagleg utvikling og rolle i team og verksemd 

Kvalifikasjonar

  • fullført og bestått vg2 Medieproduksjon 
  • interesse for kommunikasjon, digitale medium og samfunnsretta innhald 
  • grunnleggande digital kompetanse og vilje til å lære nye verktøy

Personlege eigenskapar

Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.

Vi ser etter deg som: 

  • er kreativ, lærevillig og nysgjerrig 
  • likar å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre 
  • tek ansvar for eigne oppgåver og møter fristar 
  • er open for rettleiing og reflekterer over eiga læring og utvikling 
  • viser forståing for rolla fylkeskommunen har i samfunnet og evner å tilpasse innhaldet til det 
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagde. 

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter tariff i kommunal sektor
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • lærekontrakt med varigheit på om lag to år dersom du har fullført rett vg2 
  • strukturert opplæring i tråd med læreplanen for vg3 innhaldsproduksjonsfaget 
  • eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer  
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ei samfunnsviktig verksemd 
  • erfaring frå kommunikasjonsarbeid i offentleg sektor 

Kontaktinformasjon

Hilde Joranger Mæland, seksjonsleiar, 45600710, hilde.joranger.meland@vlfk.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5091417432
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 19.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Joranger Mæland

seksjonsleiar

45600710

hilde.joranger.meland@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8ed9d45e-bab0-4903-bf7f-c386eb889da2

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

64efac862f62461db38bc02443693c36

Lignende annonser