Hopp til innhold

Intensivsjukepleiar? Bli ein del av MIO-teamet 

Arbeidsgiver

Hjerte post Hgsd, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgaten 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Intensivsjukepleiar
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Medisinsk intermediær overvaking (MIO) ved Haugesund sjukehus har ei ledig 100 % fast stilling som intensivsjukepleiar.

MIO tar imot og behandlar akutt kritisk sjuke pasientar med samansette og komplekse diagnosar innanfor det indremedisinske fagfeltet. Eininga behandlar pasientar som treng kardiologisk eller medisinsk intermediær overvaking. Vi behandling akutt/truande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, hjertesvikt og andre akutte hjartesjukdommar. Vi behandlar òg pasientar med respirasjonsproblem som har behov for NIV, ketoacidose, intoxer, actilyse mm.

Hos oss blir du ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer. Vi legg stor vekt på høg fagleg kvalitet, teamarbeid og tett samarbeid med andre faggrupper.

Hos oss får du vere med og påverke turnusen din. 
Vi tilbyr fleksibilitet i både lengda og tidspunkt for vaktene – og vi lyttar gjerne til dine ønskje. Vakthelg blir det kvar tredje helg, men elles har du stort rom for å få ein kvardag som passar deg. I tillegg har vi noko å gle oss til: Det blir bygd nye, moderne MIO-lokalar – klare til innflytting på nyåret 2027!

Bli med på laget vårt – søk no!


Kva går jobben ut på?

  • Mottak og sjukepleiarfagleg ansvar for akutt kritisk sjuke pasientar.
  • Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
  • Setja i verk og vidareføra behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege.
  • Bruk av avansert medisinsk teknisk utstyr (MTU).
  • Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper.
  • Rettleiing av kollegaer og studentar i vidareutdanning i intensivsjukepleie.
  • Tolking av EKG/rytmar (scopsentral - overvaking).
  • Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga si arbeid innanfor ulike fokusområde.
  • Inngå i tredelt turnus.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie.
  • Relevant sjukehuserfaring og erfaring. 
  • Kjennskap til medisinsk teknisk utstyr.
  • Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke.
  • Fagleg engasjert og interessert.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande eller krevjande situasjonar
  • eg god på å tilpassa og formidla kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa, og ønsker å vidareutvikla kompetansen din

Personleg eigenskapar blir vektlagt.

Kvifor skal du velje oss?

  • Høgt fagleg nivå.
  • Oppfølging og opplæring.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb.
  • Fagleg utvikling gjennom fagdagar og simuleringstrening. 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
  • Moglegheit til å påverke eigen turnus, til dømes med langvakter på helg og lengre friperiodar.

Tiltredelse etter avtale.

Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anna Flotve, Funksjonsleiar, +47 41863981, anna.flotve@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgaten 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5026209716
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 18.01.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8ecf2a64-9d6e-4cd6-bcc2-42cd1c02df04

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4305d86ec672437da826843846005840

Lignende annonser

Laster lignende annonser