Hopp til innhold

Vil du bli vår nye overstyrmann?

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

6409 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Overstyrmann/dekkssjef i sambandet Aukra-Hollingsholmen, p.t.MF Norangsfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Vil du ha ein jobb som gir deg rom for både arbeid og fritid? Vi ser etter ny dekkssjef (overstyrmann) til vår elektriske ferge Norangsfjord, på sambandet Aukra-Hollingsholmen. 

Det betyr lange friperiodar til familie, fritid og det som betyr mest for deg. I arbeidsperioden jobbar du ei veke dag, ei veke natt, og det er ein fordel om du bur innan rimeleg reiseavstand. Hos oss i Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.

 

Kvifor bør du søkje?

  • Du vert ein nøkkelperson i ein krevjande men viktig jobb, der du arbeider operativt og løsningsorientert
  • Du vil du ha ein sentral leiarrolle i eit engasjert team
  • Fleksibel arbeidstidsordning: 2 veker på 2 veker av
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Oppgåver iht alarminstruks
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
    • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
    • Attrakive velferdsordningar.
    • Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av

    Kontaktinformasjon

    Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

    Arbeidssted


    6409 Aukra

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5088168621
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 20.03.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Jill Mari Juberg

    Rekrutteringsmedarbeider

    +47 +4794082518

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    8e5c6a9b-9098-4647-945d-f4fc40e0ed86

    Sist endret

    27. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    7f29596b75d545f3a6121764cda53771

    Lignende annonser