Ledig stilling som seniorrådgivar – systemforvalting og leverandøroppfølging
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Karl Johans gate 7, 0154 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgjevar - systemforvaltar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Om stillinga og avdelinga
Denne stillinga høyrer heime i divisjonen for arbeidsliv og kompetanse i avdelinga for prøveforvalting. Avdelinga får oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
HK-dir tek i bruk eit nytt system for gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap, inkludert statsborgarprøva. I samband med det søkjer vi ein engasjert medarbeidar som vil arbeide med forvaltinga av systemet, og bidra til at avdelinga for prøveforvalting tek hand om systemeigarrolla på ein god måte.
Avdelinga har ansvar for forvaltinga av det digitale prøvesystemet, der prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, inkludert statsborgarprøva, blir gjennomførte. Avdelinga har ansvar for å leggje til rette for kommunane si gjennomføring av prøvene, og for å rettleie både kommunane og kandidatane til prøvene i gjennomføringa. Vi har også utviklings- og forvaltingsansvaret for samfunnskunnskapsprøva, statsborgarprøva og den digitale læringsressursen samfunnskunnskap.no.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene for stillinga er å ha ei leiande og koordinerande rolle til det nye prøvesystemet, retta særleg mot:
- leverandøroppfølging, på både operativt og strategisk nivå
- aktuell kontraktsoppfølging i både gjenståande prosjektfase og over i drift
- å leggje til rette for gode utviklingsprosessar
- å leggje til rette for gode informasjonsstraumar mellom alle involverte, internt og eksternt
- å sørge for at vi har gode system for å vurdere endringsbehov mv.
- å bidra til å sikre at systemet er i samsvar med krav om informasjonssikkerheit og personvern
- å hjelpe til med gjennomføring av anskaffingar knytte til systemporteføljen
I tillegg følgjer avdelinga eit årshjul der dei fire årlege gjennomføringane av prøver i norsk legg føringar for mykje av drifta vår. Alle medarbeidarane i avdelinga må tidvis bidra inn i det vi reknar som fellesoppgåver. Det knyter seg til dømes til handtering av innkomne førespurnader frå brukarane våre, og dessutan kollegabistand utanfor det som vert rekna som kjerneoppgåver som ligg til stillinga.
Slike oppgåver kan til dømes vere:
- sakshandsaming
- prosjektarbeid og oppgåvekoordinering, i samarbeid med departementet, andre direktorat, eksterne leverandørar og kommunesektoren
- driftsoppgåver knytte til prøvegjennomføringane
- rettleiing for kandidatar til prøver i norsk og samfunnskunnskap
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Vi krev:- høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis masternivå. Realkompetanse kan erstatte delar av utdanningskravet
- solid teknisk forståing, inkludert erfaring med drift, vedlikehald og vidareutvikling av skybaserte system, på kunde- og/eller leverandørsida
- arbeidserfaring med leiing/prosjektleiing innanfor digital utvikling og drift
- arbeidserfaring med leverandøroppfølging
- erfaring med kontraktsoppfølging
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, inkludert evne og vilje til å forstå, i tillegg til å formidle teknisk kompleksitet på ein måte som er forståeleg for både tekniske og ikkje-tekniske målgrupper
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk, inkludert evne og vilje til å forstå, i tillegg til å formidle teknisk kompleksitet på ein måte som er forståeleg for både tekniske og ikkje-tekniske målgrupper
Av personlege eigenskapar krev vi:
- at du er sjølvstendig
- at du er problemløysingsorientert
- at du er fleksibel
- at du er strukturert
- at du er gjennomføringssterk
- at du er relasjons- og samarbeidsorientert
Det er i tillegg ein fordel med
- kjennskap til personvernforordninga og informasjonssikkerheit
- erfaring frå offentleg forvalting, gjerne statsforvaltinga
- erfaring med bred brukarinvolvering i vidareutvikling av tekniske løysingar
- kjennskap til arbeid med, og forvalting av, prøver i norsk og samfunnskunnskap eller liknande
Hos oss får du:
- uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for arbeid heimanfrå delar av arbeidstida
- moglegheit for trening i arbeidstida med inntil to timar per veke
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar
Lønsvilkår
- lønsplassering etter kompetanse
- stillingstittel som seniorrådgivar med ei årslønn mellom kroner 700 000 og 850 000, for særskild godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her www.hkdir.no
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8dc7732b-96be-490f-b78d-725e67e89365
- Sist endret
7. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10285905
Lignende annonser
Prøveforvaltar
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Oslo
Ledig stilling som saksbehandler for godkjenning av utenlandsk utdanning
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Oslo
Rådgiver/seniorrådgiver
Arbeidsgiver
Utdanningsdirektoratet, Avdeling for data
Sted
Oslo