Ph.d.-stipendiat i optimering
Universitetet i Bergen
Thormøhlensgate 55b, 5006 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ph.d.-stipendiat i optimering
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. mars
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Forskingsprosjektet vil ha fokus på utvikling av kvante-hyperheuristikkar, og undersøkje korleis kvantedatabehandling kan styrkje hyperheuristiske rammeverk for å løyse storskala kombinatoriske optimeringsproblem innan logistikk, transport og energisystem. Hyperheuristikkar kombinerer læringsmekanismar med låg-nivå-heuristikkar for å konstruere løysingar av høg kvalitet på tvers av problemområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.06.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Kompetanse innan optimering eit krav.
- Erfaring med maskinlæring er ein fordel.
- Kjennskap til konsept innan kvantedatabehandling er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Gode norskkunnskapar for å støtte langsiktig tilknyting og bidra til utviklinga av det veksande kvantefaglege programmet, er ein fordel.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og
- korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane",
då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. - namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren
frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. - CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har
fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa
dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med
karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. - relevante attestar.
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom
påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) - eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må
lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Ahmad Hemmati , Institutt for informatikk, epost: Ahmad.Hemmati@uib.no, eller instituttleiar Inge
Jonassen, Institutt for informatikk, epost: Inge.Jonassen@uib.no.
For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med HR rådgjevar Maria Svåsand på telefon 55 58 86 62 eller e-post maria.svasand@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8d8fbd0c-ede8-42d1-8cc2-3437361a05a6
- Sist endret
10. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10281534
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen