Hopp til innhold

Ph.d.-stipendiat i marin biogeokjemi

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Allégaten 70, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i marin biogeokjemi
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i marin biogeokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Arktis og Nord-Atlanteren er sentrale regionar for luft–hav-utveksling av CO₂ og marin produktivitet. Den tilsette ph.d.-kandidaten skal undersøkje korleis karbon- og næringsstoffsignal blir overførte mellom desse to bassenga, og korleis desse utvekslingane påverkar den biogeokjemiske funksjonen deira på tvers av tidsskalaer som spenner frå månader til hundreår. Prosjektet vil vidare undersøkje korleis desse prosessane heng saman med klimavariabilitet og langsiktig klimaendring.

Stipendiaten vil nytte dei nyaste klima- og havmodellsimuleringane i kombinasjon med observasjonsdata. Det er i tillegg mogleg for stipendiaten å utforme og gjennomføre målretta modelleringseksperiment.

Som stipendiat ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du òg vere tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR). BCCR er det største senteret for klimaforsking i Norden og har eit breitt internasjonalt miljø.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, marin biogeokjemi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • God kunnskap innan hav- og/eller klimadynamikk er eit krav.
  • Erfaring med statistisk analyse av hav-/klimadata (observasjonar eller modellutdata) er eit krav.
  • God kunnskap innan biogeokjemiske syklusar er ein fordel.
  • Erfaring med vitskapeleg programmering (t.d. Matlab, Python) er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.


For stillinga gjeldt følgande:

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

 

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

 Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Filippa Fransner, Geofysisk institutt, filippa.fransner@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgiver Asbjørn Rønningstad Sæther, Asbjorn.Sather@uib.no.  

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

57c6bf7e-bcff-46ae-a0d8-f2cb43fbfa7e

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10283148

Lignende annonser