Hopp til innhold

Fagansvarleg ungdom

Arbeidsgiver

Nav Region Voss og Hardanger

Sted

Gurid Almenningens Plass, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarleg ungdom
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 27. mai

Nav Voss og Hardanger søkjer ein rettleiar med fagansvar for oppfølging av ungdom og unge vaksne i ungdomsgarantien. Stillinga har ein sentral rolle i både fagutvikling og brukaroppfylging. Stillinga vil verte delt mellom fagansvar (50%) og oppfylging av eigne brukarar (50%).

Fagansvaret er ei regional rolle, men arbeidsstaden kan vera Voss, Kvam eller Ullensvang.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag i eit fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet og resultat, der samarbeid, læring og utvikling står sentralt.


Nav Region Voss og Hardanger har 6 kontor: Nav Ullensvang, Nav Eidfjord, Nav Ulvik, Nav Voss, Nav Kvam og Nav Vaksdal. Fagleiarrollen vil krevje noko reising mellom kommunane.


Kva går jobben ut på?

  • som fagansvarleg vil du bidra til å utvikle og styrkje fagfeltet knytt til ungdom i regionen
  • du samarbeider tett med leiinga og andre fagansvarlege, både lokalt og regionalt, og har ansvar for å fremje fagleg kvalitet, kompetansedeling og kontinuerleg forbetring i tenestene
  • du leiar fagmøte, held deg oppdatert på utvikling i fagområdet og bidreg til å omsetje ny kunnskap til praksis i regionen
  • stillinga inneber og oppfølging og rettleiing av eigne brukarar, der du bidreg til målretta oppfølging mot arbeid, utdanning eller annan aktivitet

Aarbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli justerte i tråd med utvikling i tenestene og behova i eininga.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan sosiale fag, pedagogikk eller leiing. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god rettleiingskompetanse
  • god digital kompetanse
  • førarkort kl B
Det er ein fordel om du har
  • god kjennskap til arbeidsmarknaden og inkluderingsarbeid
  • erfaring med kartlegging, rettleiing og oppfølging av ungdom og unge vaksne
  • erfaring frå fagleiing, kollegarettleiing eller kompetanseutvikling
  • kunnskap om aktuelt lovverk, gjerne Nav-lova, folketrygdlova eller forvaltningslova

Kva ser vi etter hos deg?

  • du er ein fagleg pådrivar og god til å formidla
  • du har gode samarbeidsevner og byggjer tillit og relasjonar internt og eksternt
  • du arbeider sjølvstendig og gjer gode faglege vurderingar
  • du er fleksibel og endringsdyktig i møte med nye krav, arbeidsformer og utvikling i tenestene

Kvifor velje oss?

  • moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
    • moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
    • aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
    • velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
    • statleg tilsetting i stillingskode 1367 seniorrådgjevar med lønsspenn frå kr. 675 000 til kr. 750 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
    • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

    Les meir om Nav som arbeidsgivar

    Kontaktinformasjon

    Cathrine Seim-Haugen, Avdelingsleiar , 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.no
    Grete Jorunn Grønnestad , Kontorleiar , 90852847, Grete.Jorunn.Gronnestad@nav.no

    Arbeidsstad

    Gurid Almenningens Plass
    5700 Voss

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Nav

    Referansenr.: 5129507188
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.05.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Grete Jorunn Grønnestad

    Kontorleiar

    90852847

    Grete.Jorunn.Gronnestad@nav.no

    Cathrine Seim-Haugen

    Avdelingsleiar

    91393284

    cathrine.seim-haugen@nav.no

    Om bedriften

    Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

    Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

    Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

    Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

    NAVstilling

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    8d886b0e-021e-4992-bad2-80cd54a017c7

    Sist endret

    13. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    5fcc871ea8754010a5776a03b4f6ceb7

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser