Hopp til innhold

Fagansvarleg nedsett arbeidsevne

Arbeidsgiver

Nav Region Voss og Hardanger

Sted

Gurid Almenningens Plass, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarleg nedsett arbeidsevne
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 27. mai

Nav Voss og Hardanger søkjer ein rettleiar med fagansvar for vaksne over 30 år med nedsett arbeidsevne med statlege tenester. Stillinga har ei sentral rolle i både fagutvikling og brukaroppfølging. Stillinga vil verte delt mellom fagansvar (50 %) og oppfølging av eigne brukarar (50 %).

Fagansvaret er ei regional rolle, men arbeidsstaden kan vera Voss, Kvam eller Ullensvang.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag i eit fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet og resultat, der samarbeid, læring og utvikling står sentralt.

Nav Region Voss og Hardanger har 6 kontor: Nav Ullensvang, Nav Eidfjord, Nav Ulvik, Nav Voss, Nav Kvam og Nav Vaksdal. Fagleiarrollen vil krevje noko reising mellom kommunane.


Kva går jobben ut på?

  • Som fagansvarleg vil du bidra til å utvikle og styrkje fagfeltet knytt til oppfølginga av vaksne over 30 år med nedsett arbeidsevne med statlege tenester i regionen
  • Du samarbeider tett med leiinga og andre fagansvarlege, både lokalt og regionalt, og har ansvar for å fremje fagleg kvalitet, kompetansedeling og kontinuerleg forbetring i tenestene
  • Du leiar fagmøte, held deg oppdatert på utvikling i fagområdet og bidreg til å omsetje ny kunnskap til praksis i regionen
  • Samstundes vil du følgje opp vaksne over 30 år med nedsett arbeidsevne i eiga portefølje og bidra til at fleire kjem over i arbeid, utdanning eller annan aktivitet.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli justerte i tråd med utvikling i tenestene og behova i eininga.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan sosiale fag, pedagogikk eller leiing. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god rettleiingskompetanse
  • god digital kompetanse
  • førarkort kl. B
 
Det er ein fordel om du har
  • god kjennskap til arbeidsmarknad og inkluderingsarbeid
  • erfaring frå fagleiing, kollegarettleiing eller kompetanseutvikling
  • kunnskap om relevant lovverk, gjerne Nav-lova, folketrygdlova eller forvaltningslova

Kva ser vi etter hos deg?

  • du er ein fagleg pådrivar og god til å formidla
  • du har gode samarbeidsevner og byggjer tillit og relasjonar internt og eksternt
  • du arbeider sjølvstendig og gjer gode faglege vurderingar
  • du er fleksibel og endringsdyktig i møte med nye krav, arbeidsformer og utvikling i tenestene

Kvifor velje oss?

  • moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdragMoglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
  • statleg tilsetting i stillingskode 1367 seniorrådgjevar med lønsspenn frå kr. 675 000,- til kr. 750 000,- per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast. 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Cathrine Seim-Haugen, Avdelingsleiar , 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.no
Grete Jorunn Grønnestad , Kontorleiar , 90852847, Grete.Jorunn.Gronnestad@nav.no

Arbeidsstad

Gurid Almenningens Plass
5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5091237040
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Grete Jorunn Grønnestad

Kontorleiar

90852847

Grete.Jorunn.Gronnestad@nav.no

Cathrine Seim-Haugen

Avdelingsleiar

91393284

cathrine.seim-haugen@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

543be317-7686-4392-be98-ebb7766b4591

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7767554c73084751a16db17ba298391f

Lignende annonser

Laster lignende annonser