Sør-Fron skule søkjer lærarar
Sør-Fron kommune
Glasmestermoen 8, 2647 Sør-Fron, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Om jobben
- Stillingstittel
- Sør-Fron skule søkjer lærarar
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Med atterhald om innvilga permisjonar, oppseiingar eller andre endringar, kan det bli ledige undervisningsstillingar ved Sør-Fron skule frå 1. august 2026.
Vi søkjer fortrinnsvis allmennlærarar/grunnskulelærarar som er gode relasjonsbyggjarar, utøver tydeleg klasseleiing og har undervisningskompetanse i fleire fag. Tilsetjingsutvalet vil vurdere søkjarane opp mot behovet for særskild fagkompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning aleine og i samarbeid med andre.
- Vere ein bidragsytar inn i skulens profesjonelle læringsfellesskap.
- Utføre dokumentasjonsarbeid etter gjeldande standardar.
Kvalifikasjonar
- Tilsetjingskompetanse etter gjeldande lovverk og etter kompetansekrava i dei faga som er aktuelle for stillinga.
- Du er tydeleg, strukturert og evnar å skape gode relasjonar til omgjevnadene dine.
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg svært godt.
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg vaksen som har godt grep om klasseleiing.
- Du er ein dyktig relasjonsbyggjar.
- Du nyttar humor som eit naturleg verkemiddel i kvardagen.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Du får ein unik moglegheit til å vere med å setje ditt preg på Sør-Fron si nye storstove, med:
- Om lag 55 dyktige kollegaer.
- I overkant av 300 forventningsfulle elevar.
- Kulturhus/idrettshall, badeland og bemanna skulebibliotek.
- Moglegheit for relevant vidareutdanning for fast tilsette.
Kontaktinformasjon
Dan-Håkon Fonstad, Rektor Sør-Fron skule, +47 48247994Arbeidssted
Glasmestermoen 82647 Sør-fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommuneReferansenr.: 5102936036
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Dan-Håkon Fonstad
Rektor Sør-Fron skule
+47 48247994
Om bedriften
Velkome åt Sør-Fron!
Vår visjon er «den grøne kulturbygda».
Sør -Fron er ei bygd med skaparkraft og hjarterom – ei trygg, inkluderande og innovativ kulturbygd med moglegheiter for alle. Trua på samhandling, likeverd og fellesskap skal vera førande for korleis vi løyser og utviklar oppgåvene våre saman.
Vi er om lag 400 tilsette som er stolte av å kunne levere gode tenester kvar dag til vel 3000 innbyggarar og fritidsinnbyggarar i Sør-Fron kommune.
Sør-Fron kommune skal vera inkluderande og mangfaldig, og våre tilsette skal spegle kommunen si befolkning. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Sør-Fron kommune legg vekt på å legge arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.
Offentleg søkarliste:
Sør-Fron kommune praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Offentleg søkarliste vil normalt innehalde namn på samtlege søkarar. Det må ligge føre tungtvegande grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c6c3f30-5521-4017-a1fd-ee8b8ef87838
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
190fdb24ce404ad39972b35127761c5e