Hopp til innhold

Barnehagelærer

Arbeidsgiver

Sør-Fron kommune

Sted

Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærer
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Med førebels godkjenning av permisjonar, overføringar og oppseiingar, kan det frå 12.august 2026 bli ledig eit lite tal stillingar som barnehagelærar i barnehagane i Sør-Fron. Hovudsakleg vikariat, men ved ledigheit faste stillingar.

Vi vil ta kontakt med søkjarar fortløpande og oppmodar interesserte til å søkje snarast. 

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utøve pedagogisk arbeid i tråd med godt fagleg skjønn 
  • Ansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet, og involvere øvrige tilsette i prosessen 
  • Medansvar for å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon, og leie endringsarbeid på eigen avdeling, samt bidra til å leie heile barnehagens endringsarbeid 
  • Sikre gode rutiner for kvart einskild barn sin trivsel, utvikling og behov 
  • Samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar.  
  • Ansvar for foreldresamtaler, foreldremøte, personalmøte og planleggingsdagar i samarbeid med styrar 
  • Halde seg fagleg oppdatert på ny kunnskap på barnehagefeltet 
  • Vere bevisst på, og bidra til, eit godt språkmiljø i barnehagen 
  • Bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning, men andre med relevant utdanning og erfaring kan og bli vurderte.  
  • Gode IKT-kunnskapar 

    Politiattest, jf. barnehagelova § 30, må leggast fram ved tiltreding, men skal ikkje følge med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Er engasjert, kreativ og initiativrik i samspel med barn i leik og læring, ute og inne 
  • Er den trygge vaksne som gir barn forutsigbarheit, varme og omsorg 
  • Har evne til å utforske og undre seg saman med barna 
  • Er sjølvstendig og trygg på seg sjølv 
  • Har god relasjonskompetanse 
  • Er løysingsorientert, fleksibel, har gode samarbeidsevner og god til å leie eit team  
  • Har godt humør og eit positivt menneskesyn 
  • Ferdigheiter i å uttrykke seg fagleg, både munnleg og skriftleg.  

    Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 

Vi tilbyr

  • Eit profesjonelt fellesskap der vi fokuserer på motivasjon, medverknad og meistring i barnehagemiljøet 
  • Eit ope og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette samarbeider 
  • Lønnstillegg for barnehagelærarar som arbeider i minst 75 % stilling, elles tilsetting på vanlege kommunale vilkår. 

Kontaktinformasjon

Mette Gjefsen, Styrer Liene barnehage, Mette.Gjefsen@sor-Fron.kommune.no
Liv Randi Sundhagen, Styrer Harpefoss barnehage, Liv.Randi.Sundhagen@sor-fron.kommune.no

Arbeidssted

Kommunevegen 1
2647 Sør-fron

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune

Referansenr.: 5122147472
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 27.05.2026

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7f460850-49ec-40e6-a236-fa028ad89ff4

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

295c19b6013441a7bab2b22f99686aaa

Lignende annonser

Laster lignende annonser