Hopp til innhold

Sjukepleiar/ vernepleiar, vikariat deltid på natt

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken/ Døgnavdeling Askøy, Helse Bergen HF

Sted

Haugane 8, 5307 Ask

Om jobben

Stillingstittel
Sykepleier/ vernepleier deltid, for tiden på natt
Type ansettelse
Vikariat, deltid 30%
Arbeidstid
Turnus, natt
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest i dag

Rus- og avhegigheitsklinikken (tidlegare Avdeling for rusmedisin) består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. 

Seksjon Askøy er ein døgneining for døgnbehandling og held til i moderne, flotte lokale kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy. Seksjon Askøy tar i mot ruspasientar med samansette problem. Vi har 28 senger for elektiv behandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Gjennom behandlingstilboda våre ønsker vi å legge til rette for utforsking av nye meistringsopplevingar, og at den enkelte kan finne tilbake til eit godt daglegliv.

Seksjon Askøy har ledig eit vikariat i ca. 30% stilling for sjukepleiar eller vernepleiar. For tida med arbeidstid på natt i langvaktturnus, med arbeid i snitt kvar fjerde helg. Vikariatet er ledig frå snarast og til 31.08.27.


Arbeidsoppgåver

  • Generell pasientoppfølging
  • Miljøterapeutisk oppfølging og behandling av pasientar i samhandling med tverrfagleg team
  • Medverke til å skape trygge rammer for pasientane 
  • Dokumentasjon i aktuelle journalsystem
  • Medikamenthandtering 
  • Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk er ein fordel
  • Kunne dokumentere i tråd med nasjonale lovar og retningslinjer
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på
    Minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknaden

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og saman med andre
  • Ha engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
  • Pedagogiske evner er ein foresetnad
  • Du toler å stå i krevande situasjonar

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå, med utfordrande og spennande arbeidsoppgåvar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Langvaktturnus, for tida med arbeid i snitt kvar fjerde helg
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Beate Louise Karlsen, Seksjonsleiar, 97745657

Arbeidsstad

Haugane 8
5307 Ask

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5124567194
Stillingsprosent: 30%
Vikariat

Kontaktperson for stillingen

Beate Louise Karlsen

Seksjonsleiar

97745657

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8b1d2d60-971e-44b3-821c-9100725180c5

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6257eb3cf51643c58e38a1006ecfe225

Lignende annonser

Laster lignende annonser