Sjukepleiar/vernepleiar til fast 80-100% fast stilling med turnus natt
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialiser psykose/ Seksjon S5, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar, psykisk helsearbeid og rus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. juni
Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykose, er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Vi har ledig 1fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar i 80-100% turnus med arbeid p.t kvar 3. helg med turnus på natt
Søkarar må vere fylt 21 år.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene til sjukepleiar/vernepleiar er å arbeide i team rundt kvar einskild pasient og saman utarbeide eit godt forløp for innlegging i akuttfasen
- Administrasjon av medisin og følge opp intervall-tilsyn, som er ordinert av behandlar, samt utarbeide og følge opp miljøplanar saman med pasienten
- Skriftleg og munnleg rapportering av, og sjukepleie til fysiske og psykiske symptom hjå pasienten
- Sjukepleiar er ansvarshavande og fordeler arbeidsoppgåvene til dei som er på vakt
- Ein i kvart team er
pårørandekontakt og har jevnlege samtalar og samarbeidsmøte med andre
involverte instansar
Kvalifikasjonar
- Vi ønsker at du har stort engasjement og interesse for å jobbe med pasientgruppa vår
- Norsk autorisasjon og gjerne med vidareutdanning i psykisk helse og rus eller annan relevant vidareutdanning
- Søkar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
- Vi ønsker fleksible medarbeidarar, som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til vårt gode arbeidsmiljø
- Du må vere ansvarbevisst og ha evne til å arbeide sjølvstendig
- Du må vere i stand til å ta imot rettleiing og følge avdelinga sine retningslinjer
Vi tilbyr
- S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose, men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge
- Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk)
- Tverrfagleg undervisning og trening i MAP kvar veke
- Alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde seg på
- Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Liv Mala, Seksjonsleiar, 55958706Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5123710004
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Liv Mala
Seksjonsleiar
55958706
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58981e93-1718-4d74-a572-522bba02521c
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
df66b60e2c874288856a218c26a988c7