Hopp til innhold

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
24
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar


Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

UMO 1, team akuttposten har ledig stilingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har erfaring og innteresse for pasientar med behov for medisinsk overvaking og/eller behandling etter inntak av rusmidlar og/eller abstinens. Vi ønsker deg som har lyst til å jobbe i eit spennade og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. 
Kontakt: Ine Skåtøy, tlf. 55971802

UMO 2  har 18 senger som er delt mellom pasientar fra medisinske fagområder og gastrokirurgiske pasientar. Vi har ledig fire stillingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi søker deg som har lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. Kontakt: Ann-Cathrin Midtun, tlf. 95890308

Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse. Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926

Seksjon for blodgiving har ansvar for blodbehaldinga ved sjukehuset. Arbeidsoppgåvene består i hovudsak av tapping av blodgivarar og oppfølging av blodgivarprosessen. Blodprøvetaking inngår som ein del av arbeidsoppgåvene. Hos oss blir du ein del av eit dyktig og inkluderande team beståande av  bioingeniørar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Stillinga inneber og arbeid på blodbussen, der du bidrar til å gjere blodgiving tilgjengeleg for givarar utanfor sjukehuset.
Dette er ein dagstilling med 37.5 timers uke. Arbeidstid fra 07:00 -15:00, onsdager fast aftenvakt fra 11:00-19:20. Kontakt: Lene Kvamme Pettersen, tlf. 41557675

Augeavdelinga er den største augeavdelinga i Helse Vest og dekker alle funksjonar innan diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med augesjukdommar.  Ved Seksjon for poliklinikk og dagbehandling har vi ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Seksjonen tilbyr både medisinsk og kirurgisk behandling, dagbehandling og oppfølging av pasientar med ulike augelidingar. Vi tar og imot pasientar som har behov for augelegevakt og øyeblikkeleg hjelp. Stillinga inneber pt hovudsakleg arbeid på dagtid, men avdelinga har òg vaktteneste fram til kl. 19.00 måndag til fredag. Kontakt: Linda Rio-Standal, tlf. 48608897

Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425

Fertilitetssenteret tilbyr behandling til par med ønske om barn. Arbeidet går føre seg i team av legar, sjukepleiarar, kontortilsette og laboratoriepersonell. Vi ønsker å tilby pasientane våre trygg behandling i ei god atmosfære. Fertilitetssenteret søker sjukepleiar med erfaring frå IVF-arbeid til 1 års-vikariat med vidare tilsetting i  Bemanningsseteret. Arbeidet vil bestå av sjukepleiaroppgåver i tilknyting til gjeldande behandlingstilbod. Søkar må delta aktivt i teamet og samarbeide godt med andre profesjonar. Kontakt: Siren Skrede, tlf. 55974244

Kvalifikasjonar (overskrift)

Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med interesse for kirurgiske fag. Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, variert pasientforløp og gode utviklings-moglegheiter? Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø. Klinikken har 5 sengepostar, 4 poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost. Undervegs i prosessen kan det bli ledig stilling ved andre avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse. Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar? Kontakt: Stine Steen Nøttveit, tlf. 98877954

Avdeling Hovud-Hals og Auge kan tilby ein spennande, variert og lærerik kvardag og godt arbeidsmiljø. Sengeposten har 27 senger innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor gruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av faglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø og det blir planlagd ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Sjekk "hovud/hals/auge" på Helse Bergens Instagram side.
Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509

Lunge post 1 er ein av dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov. Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som treng tettare respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling. Kontakt: Lillian Hopland, tlf. 55973552.

Medisinsk Overvakingseining (MOE) – post 6 er akuttpost og behandlar pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar og ulike infeksjonar. Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan bli brukt som isolat. Det er utfordrande og lærerikt å jobbe hos oss. Ein jobbar med generell og spesialisert sjukepleie, akutte tilstandar og pasientar som har overvakingsbehov. Det er ønskeleg med erfaring frå sjukehus og interesse i å arbeide med akutt sjuke pasientar. Posten har eit godt fagleg miljø, og gir utfordringar til deg som sjukepleiar. Søkarar med erfaring fra infeksjon og overvaking vil bli føretrekt. Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 90500928

Medisin 5 vest er ein infeksjonsmedisinsk sengepost med 14 sengeplassar og jobbar etter prinsippet om gruppesjukepleie. Vi søker ein lojal og positiv kollega som kan bli ein del av teamet vårt. Hovuddel av stillinga er ved medisin 5 vest, og ein del nyttast på tvers av dei andre seksjonane i medisinsk klinikk til hospitering, opplæring og arbeid. (Andre stillingsprosentar kan vurderast om ønskeleg). Vi behandlar ulike infeksjonssjukdommar som pneumoni, sepsis, gastroenteritt, tuberkulose, endokarditt og andre generelle infeksjonssjukdommar. Kontakt: Hege Cecilie Sørby, tlf. 55973703.

Skadepoliklinikken høyrer til Ortopedisk klinikk, og held til i Bergen helsehus saman med Allmennlegevakta i Bergen kommune. Opningstida vår er kl 0830-kl 2230 alle dagar. Skadepoliklinikken ivaretar pasientar som treng akutt helsehjelp ved skader som brot, sår og brannskadar, samt kontroll av desse. Vi har tilsette med høg kompetanse som arbeider tverrfagleg i eit godt og aktivt arbeidsmiljø. Vi samarbeider med utdanning og forskingsinstitusjonar, rettleier studentar og bidrar i forskingsprosjekt. Skadepoliklinikkens såravdeling har ledig vikariat i 100% som sjukepleiar frå desember 2026 og ut 2027 med vidare tilsetting i Bemanningsseteret etter enda vikariat. Vi søker etter deg som trivst i ein travel arbeidsdag i førstelinja, med behandling av nye sårskadar og små kirurgiske inngrep i lokal anestesi. Vi har årsplan og arbeid pt. 2 delt og kvar 3. helg. Kontakt: Linda Eikefet Revheim, tlf. 53032751/ 97173501

Bemanningssenteret Vanskeleg å velje avdeling? Vi søker sjukepleiarar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag på tvers av fleire avdelingar. Vi har 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du får stor innverknad på eigen turnus. Du får brei erfaring, fagleg utvikling og ein kvardag med stor variasjon. Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du 4 fagdagar i året, møtepunkt kvar 3 veke og tett oppfølging frå leiar og resten av teamet. Trivst du med nye utfordringar, samarbeid på tvers av fagmiljø og ønsker ein variert arbeidskvardag kan dette vere stillinga for deg. Kontakt: Linda Greve Iversen, tlf. 55976900

Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontakt-sjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker. Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436

Nevrologisk akuttpost greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar. 
Kontakt: Laila Kvalvåg, tlf. 55975041

Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi greier ut og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662.

Du må:
  • Du ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
  • Erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • For nokre avdelingar er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd
Vi tilbyr:
  • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5154328765
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Sjå kontaktperson

oppgitt for den enkelte avdelinga

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ceeff2c8-a0e9-40e9-b4c9-8458de54e329

Sist endret

20. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cc454aae07114a1582588e10b4d9ff51

Lignende annonser

Laster lignende annonser