Hopp til innhold

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar


Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:


Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Utgreiingsmottak 1, team akuttposten har ledige stilingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har erfaring og innteresse for pasientar med behov for medisinsk overvaking og/eller behandling etter inntak av rusmidlar og/eller abstinens. 
Utgreiingsmottak 1, team UMO 1 har ledig stillingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har lyst til å jobbe i eit spennade og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. Les meir om oss
Kontakt: Ine Skåtøy, tlf. 55971802.

Utgreiingsmottak 2 har 18 senger som er delt mellom pasientar frå medisinske fagområde og gastrokirurgiske pasientar. Vi har ledig 4 stillingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi søker deg som har lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. Les meir om oss
Kontakt: Ann-Cathrin Midtun, tlf. 95890308.

Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. 
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.

Gynekologisk sengepost gir behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Behandling og oppfølging blir tilrettelagt i samarbeid med den enkelte kvinne. Vi tar imot kvinner med kreft i underlivet. Hos oss får du tilbod om utgreiing, diagnostisering, operasjon og eventuell etterbehandling. Hos oss vil du få individuell informasjon, oppfølging og behandling.
Kontakt: Ann-Josefin Olafsen-Bakke, tlf. 47368228/Inger Lise Sivertsen, tlf. 99517885.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med interesse for kirurgiske fag. Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, variert pasientforløp og gode utviklings-moglegheiter? Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø. Klinikken har 5 sengepostar, 4 poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost og Urologisk poliklinikk. Undervegs i prosessen kan det bli ledig stilling ved andre avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse. Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar? 
Kontakt: Stine Steen Nøttveit, tlf. 98877954.

Avdeling Hovud-Hals og Auge kan tilby ein spennande, variert og lærerik kvardag og godt arbeidsmiljø. Sengeposten har 27 senger innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor gruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av faglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø og det blir planlagd ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Sjekk "hovud/hals/auge" på Helse Bergens Instagram side.
Kontakt: Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973519 eller Kjersti Walde, tlf. 55973509.

Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontakt-sjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker.
Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436.

Postoperativ Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk (KSK), som er ein av dei større klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus. KSK har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, og dessutan smertebehandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er intensive- og postoperativ avdeling (IPA) med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjons leiar med personal- og resultatansvar. 

Vi er ein seksjon med fag- og overvakingskompetanse innanfor gynekologi, obstetrikk, barnekirurgi, endokrinologi og augeoperasjonar. Vi er lokaliserte over 2 etasjar i Glasblokkene. I tillegg har vi ein satellitt med driftsansvar for postoperativ overvaking i augebygget. Det er etablert Kirurgisk Mottak i avdelinga, der vi tar i mot dei fleste vaksne pasientane som skal til heildøgns kirurgi, og dessutan dagkirurgiske pasientforløp.
Kontakt: Svanhild Sangolt Foldnes, Tlf. 93260809.

Bemanningssenteret - Vanskeleg å velje avdeling? Vi søker sjukepleiarar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag på tvers av fleire avdelingar. Vi har 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du får stor innverknad på eigen turnus. Du får brei erfaring, fagleg utvikling og ein kvardag med stor variasjon. Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du 4 fagdagar i året, møtepunkt kvar 3 veke og tett oppfølging frå leiar og resten av teamet. Trivst du med nye utfordringar, samarbeid på tvers av fagmiljø og ønsker ein variert arbeidskvardag kan dette vere stillinga for deg.
Kontakt: Linda Greve Iversen, tlf. 55976900.

Kvalifikasjonar:
    • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller få dette i løpet av 2026
    • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
    • Har erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
    • For nokre avdelingar kan det vere krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd
    Vi tilbyr:
    • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
    • Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
    • Lønn etter gjeldande avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5167947354
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sjå kontaktperson

    oppgitt for den enkelte avdelinga

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    01cc4171-d37b-4744-a2a7-9c31a1226841

    Sist endret

    21. august 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    a2b22a1e1d98477eb93a83cb6023a855

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser