Hopp til innhold

Sjukepleiar og vernepleiar til Divisjon psykisk helsevern

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Tertnesveien 37, 5113 Tertnes

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar og vernepleiar til Psykisk helsevern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
10
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Lokal sikkerheitspost (LS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
*  100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus

Regional sikkerheitspost (RS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helg

Psykiatrisk klinikk: Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke

*  Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
*  Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S4 har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg
*  Psykiatrisk akuttmottak, PAM1 - har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke   

*  Bjørgvin DPS, C1 Tertnes døgn har ledig 100% vikariat som sjukepleiar frå oktober og i eitt år. Turnusarbeid, med arbeid pt kvar 5. helg. Etter endt vikariat kan ein få vidare 100% fast stilling i Bemanningssenteret i føretaket.


Bemanningssenteret Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. 


Arbeidsoppgåver

Klinikk for Sikkerheitspsykiatri sitt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver.

Lokal Sikkerheitspost (LS) jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg  utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø. 15 000 kroner pr år i særtillegg.
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348 

Regional sikkerheitspost (RS) her har kvar pasient har ei tverrfagleg team som arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn. 15 000 kroner pr år i særtillegg.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384

Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. 

Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. 
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762

Avdeling for spesialisert psykose (ASP), Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er  spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. 
Kontakt: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848

Kvalifikasjonar (overskrift)

Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå

PAM1 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest. 
Kontakt: Pål Audun Hegland, Tlf. 55956480 eller Gunn Andersen, Tlf. 55956422

Bjørgvin DPS, C1 Tertnes døgn har 15 sengeplassar der 6 plassar er open frå måndag til fredag. C1 er bemanna med overlege, psykologspesialist, lege i spesialisering, turnuskandidat, psykolog i utdanning og 2 sosionomar i tillegg til erfarne miljøterapeutar med høgskuleutdanning. Døgnposten fungerer som ein open akuttavdeling for opptaksområdet.

Oppgåver vil vere sjølvstendig behandlaransvar, psykoedukasjon individuelt og i grupper, administrering og monitorering av medikamentell behandling, somatisk oppfølging og symptom monitorering og pårørande- og nettverksarbeid. Vi ser etter deg som er motivert for å vidareutvikle din terapeutiske kompetanse og likar å arbeide i tverrfagleg team, du evner å arbeide sjølvstendig og arbeide målretta, du bidrar til eit godt arbeidsmiljø, du har god munnleg og skriftleg framstilling og det er viktig at du er engasjert i faget og bidrar aktivt inn i teamet.
Kontakt: Julie Silver, Tlf. 55957118 eller Øyvind Thomassen, Tlf. 55957120.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5167787512
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Karina Vorland Løvstad

Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret

karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Sjå kontaktperson

oppgitt for den enkelte avdelinga

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3597ff27-d783-4df3-b820-fd52568a8a72

Sist endret

20. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5487f935da3245b79857f76dbded4015

Lignende annonser

Laster lignende annonser